Rapport frå kommunestyremøtet 31. oktober

Saka om skolekretsgrensane var den dominerande på dette kommunestyremøtet. Det var ikkje unaturleg, fordi den får store konsekvensar for barn og foreldre i Tromsø. Fleirtalet i SV-gruppa stemte for innstillinga om å dele Gyllenborg og Prestvannet barneskolekretsar mellom Grønnåsen og Sommerlyst.

Utgangspunktet for saka er at Sommerlyst skole er for liten, og kapasiteten er sprengt samstundes som vi har godt med plassar på Grønnåsen og Langnes. Forslaget var å løyse dette gjennom at nokre av dei elevane som tradisjonelt har sokna til Sommerlyst må gå på Grønnåsen.

Det var fleire openbare vanskar med dette forslaget:

  1. Det vil framleis vere slik at mange av elevane bur svært mykje nærmare Sommerlyst enn Grønnåsen
  2. Det at skolane blir delt, betyr og at sosiale nettverk blir delt. Elevar kan oppleve at dei skal starte på ein ungdomsskole, medan alle eller dei fleste av venene skal starte på ein annan ungdomsskole.
  3. Prestvannet skole har spesialavdelinga Hagen, ei avdeling for multifunksjonshemma ungar. Alle som går på Hagen skal til Sommerlyst ungdomsskole, men det at mange av dei dei har gått på skole saman med gjennom heile barneskolen skal til Grønnåsen gjer at desse ungane som er spesielt sårbare vil kunne miste ein del av sitt sosiale nettverk.
  4. På Prestvannet er det ein eigen samiskklasse, og ei satsing på dei som har samisk 2 og 3. Elevane spesielt på samisk 2 og 3, er bekymra for å miste eit samisk språkmiljø om dei ikkje kjem til Sommerlyst, og at dei vil måtte velje mellom samiskundervisning og venene sine.
  5. Mange får lengre skoleveg, og delar av denne skolevegen er ikkje spesielt god. Det vil kunne føre til at fleire blir køyrt til skolen og at trafikken vil auke.

Kva er så løysninga? Den litt langsiktige løysninga er at kommunen får overta Mellomvegen 110, den gamle lærarskolen og opprettar ungdomsskole, evt. 1-10 skole der. Det vil kunne løyse kapasitetsproblema på sør-Tromsøya, både for Bjerkaker skole og Sommerlyst ungdomsskole. Men, det er for tidleg å seie noko veldig fast om når denne løysninga kan vere på plass. Det kan fort ta fire år.

Ein del av foreldra har foreslått eit modulbygg på Bymyra som ei mellomløysning. Det er ein del utfordringar med dette. Modulbygg er sjølvsagt ikkje like gode skolelokale som ordinære bygg, men fungerer OK i ein mellomperiode Men, eit modulbygg på Bymyra vil i beste fall koste 25 millionar for fire klasserom i følgje utbyggingstenesta i kommunen. Den kostnaden inneheld ikkje spesialrom som vil måtte komme i tillegg. Spesialromma på Sommerlyst har ikkje kapasitet til å ta mot fleire elevar. I tillegg kjem at driftskonstandane vil vere høgare på eit modulbygg som vil krevje oppbemanning heller enn å ta det på ein eksisterande skole.

Det har vore ein diskusjon om å ta i bruk modulbygget som no står på Solneset. Det bygget oppfyller ikkje dagens tekniske forskrifter og kan ikkje brukast.

I denne situasjonen meinte fleirtalet i gruppa at det pedagogisk beste tilbodet for elevane ville vere ved Grønnåsen skole. Det er problematisk å ikkje kunne tilby gode fasilitetar for mat, naturfag etc.. Benjamin Notkevich var usamd og stemte for modulbygg med denne grunngjevinga:

Det handler om hele filosofien bak Tromsø-pakken som dreier seg om fortetting og at vi skal ha mulighet til å bevege oss uten bil. Nå er det elever som i dag har to minutters skolevei, men som kan få en skolevei som tar 50 minutter.

Økonomirapport 2

Økonomirapporten var ikkje lystig lesing. Samtidig skal vi ikkje velte oss i misere, for så miserabelt er det trass alt ikkje. Vi har bygd opp eit disposisjonsfond som gjer at vi klarer å handtere denne situasjonen, samstundes kan vi ikkje halde på på dette viset i mange år. Då går det veldig galt.

Dei aller fleste avdelingane i kommunen har god budsjettdisiplin og skal ha honør for det. Men også der det er eit stort overforbruk samanlikna med budsjett blir det gjort eit svært godt arbeid under vanskelege forhold. Befolkninga i Tromsø har eit svært godt tilbod. Vi kan vanskeleg laste dei som jobbar innafor pleie og omsorg for at vi i lang tid har underinvestert i bustader og instiusjonar.

Det aller viktigaste no er å få gjort desse svært viktige investeringane, der budsjettet for 2019 og økonomiplanen er eit viktig steg i rett retning, i tillegg må vi satse hardare på meistring og rehabilitering. Det å bidra til ei friskare befolkning og ikkje berre god pleie er det aller viktigaste vi kan gjere. Utfordringa, nei la oss seie problemet, er at dette kostar pengar og tar tid før det får verknad. Samstundes er det ingen tvil om at det er her dei store pengane kan hentast inn.

Derfor er jo og punkt 11 i formannskapet si innstilling som vi foreslo saman med Ap og R svært viktig.

Arbeidet med å gjennomføre endringen av tildelings- og finansieringssystemet innenfor helse- og omsorg skal intensiveres, i tråd med vedtak i kommunestyret av 26.04.17 og 21.03.18

  • Lavterskel- og forebyggende tiltak som arbeid og aktivitet, rehabilitering og velferdsteknologi må prioriteres.
  • Oppfølging av enheter som har utfordringer i driften må prioriteres på alle leder- og støttenivå.

Eg vil og gjerne trekke fram dette punktet i økonomirapporten:

En del av effektivitetsavviket skyldes kjøp av omsorgstjenester fra private, der utgiftene som regel er vesentlige høyere enn budsjettert. Enhetene tildeles budsjettmidler tilsvarende det man regner at tjenesten ville kostet i kommunal regi. Faktiske utgifter er som regel vesentlig høyere, og differansen havner da som effektivitetsavvik. De fleste kjøp av slike tjenester gjøres i dag på grunn av mangel på omsorgsbygg, og enhetene har dermed i liten grad mulighet til å yte disse tjenestene i egen regi.

Det er i alle fall ingen tvil om at privatisering og konkurranseutsetting ikkje er vegen å gå.

Kommunedelplan for idrett og friluftsliv

Vi meinte dette er ein god plan, det er likevel to ting vi stussa på. Det eine er forståinga av bydelar. Det andre er at Tromsø Spektrumprosjektet ikkje er problematisert meir.

I denne planen er Tromsø delt i fire bydelar. Det er ganske så grovmaska. I ein situasjon der det å redusere transportbehova i byen og bygge nærmiljø for oss alle, så blir dette alt for grovt. Det å seie at Kroken og Reinen er same bydel er i alle fall noko underleg.

Som ein del av dette er vi litt redd for at vi bygger for stort og sentralt i Tromsø. I denne planen blir det lagt opp til nok ei stor utbygging på Templarheimen. Vi trur at trafikkutfordringane blir store nok der oppe med Tromsøbadet og å plassere eit nytt stort anlegg der blir heilt feil. Vi er bekymra for at vi med dette startar å rulle ein snøball som vi ikkje klarer å stoppe, litt som det skjedde med Tromsøbadet, der det var brukt så mykje pengar på å planlegge oppe på Templarheimen at vi var litt bondefanga til å måtte bygge der.

Vi trur befolkninga i byen ville ha mykje større nytte av fleire mindre hallar rundt om i bydelane enn eit stort anlegg plassert sentralt og med ein ukjent kostnad. Mindre hallar (to handballflater) får ein kjøpt meir eller mindre nøkellferdige for 50-60 millionar kroner. Vi er ganske sikre på at tre eller fire slike hallar vil vere betre for byen enn eit kjempeanlegg.

Vi meiner likevel at det er for tidleg å avvise Tromsø Spektrum, men meiner at vi må gardere oss.

Vi foreslo og fekk vedtatt dette tillegget til innstillinga:

Parallelt med utgreiinga av Tromsø Spektrum skal det utarbeidast eit alternativ med fleire mindre hallar i bydelane for å dekke behovet for treningstid for hallidrettane. Kommunestyret vil på eit seinare tidspunkt ta stilling om det eine eller det andre skal realiserast.

Øvrige saker

Ei av dei aller viktigaste sakene i denne perioden, Klima- og miljøplanen fekk vi for lite tid til, så den er utsett til møtet i november.

Vi hadde to interpellasjonar i dette møtet. Om utflytting av statlege arbeidsplassar og om Nordnorsk filmkommisjon. Den om statlege arbeidsplassar fekk fin omtale i Nordlys.

Saka om Ung data viser at ungdom i Tromsø stort sett har det bra, men at alt for mange, spesielt jenter, slit med psykisk helse. Dokumentet er verd å lese om du er interessert i korleis ungdomen vår har det. Du finn barneskolerapporten her, og ungdomsskolerapporten her.

Denne rapporten er allereie blitt alt for lang, spør heller om du lurer på noko om dei resterande sakene:

  • KVALITETS- OG UTVIKLINGSMELDING 2017 FOR TROMSØ KOMMUNE
  • FORSLAG TIL BUDSJETT 2018 FOR TROMSØBADET KF
  • AKSJONÆRAVTALE – REMIKS MILJØPARK AS
  • KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT OG FRILUFTSLIV 2018-2021
  • ENDRING I REGLEMENT FOR ARBEIDSVILKÅR OG GODTGJØRELSE AV FOLKEVALGTE
  • LEDENDE ANSATTES OVERGANG TIL PRIVAT VIRKSOMHET
  • SAMARBEIDSAVTALE OM AKUTTBEREDSKAP I BARNEVERNET – TROMSØ KOMMUNE OG LONGYEARBYEN LOKALSTYRE
  • FINANSRAPPORT PR. 31.08.2018 – TROMSØ HAVN KF
  • ØKONOMIRAPPORT 2 31. AUGUST 2018 – TROMSØ HAVN KF
  • FINANSRAPPORT 2 PR. 31.08.2018
  • SALG AV EIENDOM – VERFTSTOMTA – TILLEGGSAREAL
  • SØKNAD OM FRITAK OG NYTT VALG TIL HÅLOGALAND LAGMANNSRETT

Dei som representerte SV i dette kommunestyret var Gunhild Johansen, Benjamin Notkevich, Åsne Høgetveit og Pål Julius Skogholt.

Mvh

Pål Julius Skogholt

Pal.julius@skogholt.org/97077457

Rapport frå kommunestyret i april

Hei, før vi startar på rapporten er det to ting å nemne:
1. Minner om 1. maifrokosten frå 10 til 1230 på partikontoret
2. Det blir medlemsmøte, sannsynlegvis den 23. mai. Tema blir fylkessamanslåing, det blir også nokre andre mindre saker, mellom anna må vi suplere nominasjonskomiteen.

Så til poenget

Kommunestyremøtet startet med eit viktig spørsmål frå Gunhild Johansen om lønsnivået for sjukepleiarane i kommunen kontra helseforetaka. Helseforetaka nyttar løn som virkemiddel. Det gjer ikkje kommunen. Vi betaler heller overpris for å leige inn folk frå private aktørar. I SV vil vi heller bruke desse pengane på løn til dei som jobbar i kommunen, slik at vi får rekruttert nok til å sleppe å bruke vikarbyrå.

Investeringar og byggeprosjekt

Dei største debattane i dette kommunestyret handla om økonomi og investeringar. Vi hadde ei generell sak om investeringar og lånebelastning. Der var det viktig for oss at vi ikkje sparer oss til fant gjennom å kutte viktige bygg i framtida som ungdomsskolen på Kvaløysletta og nytt bu og velferdsenter i Kroken. Det er berre gjennom å halde fram med å investere i helsebygg vi kan få kontroll med økonomien. Opposisjonen prøver å lage ei historie om at kommunen er i ferd med å knele under gjeld. Det stemmer ikkje. Det er ingen tvil om at gjeldsbyrda vil bli utfordrande framover, men det er viktig å skille mellom ulike typar gjeld. Det blir feil å rekne Startlån som vi gjev til innbyggarane for at dei skal kunne få seg eit hus å bu i er ikkje i same kategori som byggelån til Tromsøbadet.

Tromsøbadet er vel eit bevis på at salmediktaren og presten Tomas Kingo hadde rett då han skreiv «Sorgen og gleden de vandrer i hope». Det er trist at badet blir såpass mykje dyrare enn vi trudde i utgangspunktet, men det blir eit fantastisk anlegg når det er ferdig. Det reelle valet vi hadde i denne saka var om vi skal gjere badet ferdig, eller avslutte det heile halvferdig.

Skole

I alt for mange år har elevane ved Storelva skole venta på gymsal. I dag vedtok endeleg kommunestyret einstemmig å bygge normalhall/gymsal på Storelva. – Jeg tok opp denne saka allerede i 2011 som nyvalgt kommunestyrerepresentant, det er godt å se at det nå blir realisert, sa Ingrid Kielland i debatten.

Vi hadde og skolebehovsplanen opp til behandling. Dette er ei god skildring av stoda i skolen og kor vi manglar plass/har plass i skolane våre.

Tillitsrefomen

Dette er ei stor og viktig sak for utviklinga av kommunen. Det er svært gledeleg at også Høgre stemte for denne i kommunestyret. Her er Gunhild Johansen sitt innlegg i saka:

«Helse og velferdskomiteen var delt i denne saken. Tidligere har motstanden mot
tillitsreformen vært begrunnet med at den mangler innhold og derfor er
vanskelig å ta stilling til. Det er forståelig, skjønt alle utviklingsprosjekt skal jo
fortrinnsvis føre til noe vi ikke ennå vet hva er. Og nå vet vi mye mer enn vi
gjorde for ett år siden!

Tillitsreformen fylles nå med innhold. I fjor gjennomførte i fire avdelinger i
hjemmetjenesten en pilot med kartleggingsvedtak av utskrivningsklare pasienter.
Resultatene har gitt oss ny kunnskap. Blant annet fant de at vedtak gjort etter to
uker der det ble organisert et mestringsteam rundt pasienten, var svært
forskjellig fra vedtak fattet like etter utskrivning.

Både ACT-teamet og PSHT tas inn i tillitsreformen. De er tverrfaglig organisert
med ansatte fra UNN og kommunen, de jobber ubyråkratisk, uten vedtak og med
rammefinansiering. De er der for brukeren når det er behov og de oppnår gode
resultater. Helsehuset er også organisert etter prinsippene i tillitsreformen. Vi er
altså godt i gang!

I dag skal vi ta stilling til to nye piloter. Den ene er en oppfølging og utvidelse av
det som ble gjennomført i høst. En enhet skal ta for seg alle nye innbyggere som
søker om tjenester, i tillegg til utskrivningsklare pasienter. Utøvende tjeneste vil
bli forsterket med fysioterapeut og ergoterapeut.

I oppfølgingstjenesten skal de ansatte i nært samarbeid med bruker og pårørende
i et år forberede flytting fra foreldrehjemmet og fremme utviklingshemmedes
muligheter for å leve mer selvstendige liv. Superviktig!

I tillegg skal vi ta stilling til alternative måter å organisere vedtaksprosesser og
vedtaksmyndighet på, der også konsekvenser for budsjettmodeller og økonomisk
styring skal beskrives.

Det er viktig at forslagene blir politisk forankring her i kommunestyret. For de
ansatte er det nødvendig å ha trygghet for at den store innsatsen de legger ned
for å utvikle kommunen har politisk støtte.»

Plansakar

Det var to plansakar i dette kommunestyret. Kommunestyret valde mot våre og Ap sine stemmer å ikkje legge den nye planen for Øvre Kroken ut til høyring, det betyr at den planen som vart vedtatt i 2016 framleis er gjeldande. Vi var bekymra for at det betyr at det ikkje blir bygd noko i området. Vi meiner og at den nye planen hadde ei betre løysning for lysløypa.

Kommunedelplanen for området frå Hansjordnesbukta til krysset ved Tverrforbindelsen/Erling Kjeldsens veg vart vedtatt, med unntak for området Kræmer-Essotomta-Bjørnstranda, der vi meinte at det måtte gjerast meir arbeid. Det har vore ei innvikla sak, men vi trur det vart eit godt resultat.

Du kan sjå oversikten av alle sakene her. Det er berre å spørre om du lurer på noko i dei sakene eg ikkje har sagt noko om.

Mvh
Pål Julius Skogholt

 

Kommunestyremøtet i februar

Den 22. februar er det kommunestyremøte i Tromsø. Den store saka denne gongen er sjølvsagt bymiljøavtale/bompengar. Det er ei sak som vil legge mykje av premissa for utviklinga i Tromsø i åra som kjem. For SV er det viktig å sikre at satsinga på buss gjer at folk får eit reelt alternativ til bilen. Ingrid Marie Kielland skriv om saka her.

Pål Julius Skogholt har skrive litt om byutviklingssakene her.

Det er fleire andre store og viktige saker. Kommunestyregruppa tar gjerne mot innspel frå medlemmar og andre på alle sakene. Det er gruppemøte måndag kloka seks. Så det hadde vore fint med innspel før gruppemøtet. Innspel sender du på tromso@sv.no Du kan og ringe ein av medlemmane i kommunestyregruppa direkte. Kontaktinformasjon finn du her.

Alle sakspapira finst på kommunen sine nettsider, her:

Sakslista til kommunestyremøtet

  • Interpellasjon – Perpetuum as
  • Interpellasjon klanghuset – nytt konserthus i tromsø – Jonas Stein (v) og Jarle Aarbakke (ap)
  • Ny organisasjonsmodell for tromsø kommune – fase 2
    Kontrollutvalgets årsrapport for 2016
  • Privat forslag – tromsø kommunes arkitekturpris
  • Avhending av presteboliger
  • Stiftelsen kommunale boliger – endring vedtekter 2017
  • Næringsplaner og planstrategi
  • Høring – NOU 2016: 18 Hjertespråket – om tiltak for samiske språk
  • Tenk Tromsø – Fastsetting av bompengekonsept i Tromsø samt orientering om foreløpig tiltaks- og finansieringsplan
  • Plan 1793 – reguleringsplan for folkeparken m.m. endelig vedtak
  • Plan 1836 – detaljreguleringsplan for strand boligfelt, felt b4
  • Brannordning for tromsø kommune ROS Tromsø brann og redning
  • Bosetting 2016/2017
  • Høring – NOU 2016:17 På lik linje – åtte løft for å realisere grunnleggende rettigheter for personer med utviklingshemming
  • Pilotprosjekt – utvikling av trygghetsstandard i sykehjem
  • Utvidelse Solneset skole – investeringsrammer
  • Høring – Endring av forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager
  • Høring – Endringer i forskriftsbestemmelser om avsluttende prøver i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere
  • Årlig rapportering fra barnehageenhetene på implementering av kvalitetsplan
  • Skolestruktur ungdomsskolene på Tromsøya
  • Valg meddommere 2017-2020 – oppfølging av vandelskontroll
  • Valg av lagrettemedlemmer 2017-2020 – oppfølging av vandelskontroll
  • Meddommere til nord-troms tingrett 2017-2020 – søknad om fritak og nyvalg

 

PS. Husk å verv et medlem i SV! Det enklaste er å få ho eller han til å sende INNMELDING til 2090

Rapport fra årets siste kommunestyremøte

Regiondebatt, boikott av okkuperte områder og et nytt kommunebudsjett med fokus på barn og unge og sårbare grupper er de viktigste stikkordene for det to-dager lange kommunestyremøtet i desember.

Ett Nord-Norge

Møtet startet med en interpellasjonsdebatt. Ap og SVs gruppeledere hadde sendt inn en felles interpellasjon der vi tar til orde for at Nord-Norge vil tjene på å stå samlet som én region. I debatten ble det fra SVs side lagt vekt på at en eventuell regionreform må være basert på frivillighet og lokale initiativ, og at det derfor er viktig at Tromsø kommunestyre diskuterer saken og får mulighet til å si sin mening. Det er også viktig at eventuelle nye og større regioner får tilført både oppgaver, ressurser og fullmakter. I SVs arbeidsprogram for inneværende periode står det for eksempel: «SV vil ha eit slagkraftigare regionnivå som kan gje demokratisk styring i spørsmål som går ut over dei grensene som utgjer fylkeskommunane i dag. Skal sjukehusa kome under tydeleg demokratisk kontroll, vil regionar, heller enn fylke, gje ei meir heilskapleg forvalting.» Arbeidsprogrammet gir ingen nærmere beskrivelse av hvor store regioner man ser for seg, eller hvilke fylker som eventuelt bør utgjøre nye regioner. Under avstemminga i kommunestyret var SVs gruppe delt 3 – 1 i denne saken. Interpellasjonsforslaget om at «Tromsø kommune mener at Nord-Norge bør være én region.» ble vedtatt med 36 stemmer.

Nei til kjøp av varer og tjenester fra israelsk-okkuperte områder

Rødts kommunestyrerepresentanter Mads Gilbert og Jens Ingvald Olsen hadde levert inn et privat forslag om at Tromsø kommune bør avstå fra å kjøpe varer og tjenester fra israelsk-okkuperte områder i Palestina, og fra andre okkuperte områder som Vest-Sahara. Debatten om forslaget ble til dels svært polarisert. Høyres gruppeleder Erlend Svardal Bøe hevdet at forslaget var «på grensen til antisemittisme». SVs Benjamin Arvola Notkevich holdt et svært godt og reflektert innlegg der han tilbakeviste at dette har noe med antisemittisme å gjøre. Han viste til at han selv har jødisk bakgrunn, og slo fast at den Israelske okkupasjonen av Vestbredden har blitt fordømt av FN så vel som en rekke andre internasjonale organisasjoner. Det private forslaget ble vedtatt med 25 mot 18 stemmer (Ap, Rødt, SV og Mdg støttet forslaget).

Et budsjett for barn og unge

På møtets andre dag vedtok kommunestyret nytt budsjett og ny økonomiplan for 2017-2020. SV lagt vekt på å skjerme skolebudsjettet mot en rekke usosiale kutt, blant annet var det lagt frem forslag om å øke SFO-prisen ut over normal prisstigning, og å kutte i voksentettheten på SFO. Vi har også vært opptatt av å sikre utbyggingen av nye omsorgsboliger for funksjonshemmede barn på Sommerlyst, og ny gymsal i normalhall på Storelva. Det at SV danner flertall sammen med Rødt og Ap gjør det mulig for oss å få gjennomslag for alt dette, og budsjettet ble vedtatt i henhold til Samarbeidspartienes forslag. Mer om budsjettet kan du lese i denne bloggposten.

De som representerte SV i dette kommunestyremøtet var Gunhild Johansen, Pål Julius Skogholt, Benjamin Arvola Notkevich og Ingrid Marie Kielland. Vi takker for tilliten i året som har gått og ser frem til årsmøte i januar.

God jul!

Hilsen Ingrid (gruppeleder

Medlemsepost 09.12.16

Hei gode medlem i Tromsø SV


I denne eposten får du informasjon om årsmøtet i lokallaget, kampanjeveka i januar/februar, arbeidsprogrammet og stortingsnominasjonen.


1. Årsmøtet

Årsmøtet i Tromsø SV blir den 26. januar klokka 1800. Dersom du har ei sak du vil vi skal ta opp på årsmøtet må du sende den inn innan 12. januar til tromso@sv.no.

Valkomiteen er i gang med sitt arbeid. Dei vil gjerne seie:

Hei
Vi i valgkomiteen har to spørsmål til deg som medlem i Tromsø SV:
1. Kan du tenke deg å sitte i styret kommende år?
2. Har du lyst til å delta på SVs uhyre spennende fylkesårsmøte helga 18-19 februar, som del av Tromsø-delegasjonen?
En masse viktige spørsmål skal opp – og DU kan være med å prege SVs politikk kommende år. Meld fra til undertegnede 41434933 eller Elsa Sundsvold 415 59 184 så snart du har bestemt deg.
Hilsener Jens Revold, valgkomiteen i TROMSØ SV »


2. Kampanjeveke

23. januar til 5. februar vil SV køyre ein nasjonal kampanje for å få fokus på miljø og klimaendringar. I Tromsø SV blir det stands, løpeseddelaksjonar og opne møter. Håper du vil delta når du får spørsmål om det. Meir informasjon kjem etterkvart.


3. Stortingsnominasjonen

Nominasjonskomiteen har foreslått denne lista:

1. Torgeir Knag Fylkesnes, Tromsø
2. Katrine Boel Gregussen, Lenvik
3. Bjarne Rohde, Tromsø
4. Siv Elin Hansen, Nordreisa
5. Eva Steffensdatter Aronsen, Sosialistisk Ungdom/Tromsø
6. Odd Are Hansen, Skånland
7. Julie Wilhelmsen, Tromsø
8. Parabaran Rajalingam, Karlsøy
9. Ellen Sæbbe, Dyrøy
10. Edvin Eriksen, Harstad
11. Ellen Øseth, Tromsø
12. Helga Jæger Wigdel, Nordreisa

Komiteen vil ha tilbakemelding på lista frå lokallaga innan 10. januar 2017 slik at endeleg forslag kan sendast ut i rett tid før fylkesårsmøtet. Det betyr at du må sende dine innspel til styret i Tromsø SV i god tid før den 10. januar, helst innan nyttår. Nominasjonen vil sjølvsagt og bli diskutert på årsmøtet i lokallaget og avgjort på fylkesårsmøtet 18.-19. februar.


4. Arbeidsprogrammet


Andreutkastet til nytt arbeidsprogram/stortingsvalprogram for SV er no lagt fram.

Landsstyret skal innstille til landsmøtet på arbeidsprogram, og forslag til endringar skal leverast seinast 6. januar. Det betyr at fylkesstyret må behandle arbeidsprogrammet dei første dagane på nyåret. Vi rekk ikkje ei ny behandling i lokallaget før denne fristen, men du kan sende evt innspel direkte til fylkeslaget på epost troms@sv.no

5. Slutt (nesten)

Det var alt for denne gongen. Det er nytt kommunestyremøte i neste veke. Kommunebudsjettet blir den viktigaste sak. Du får ein rapport frå det møtet etterpå.


Inntil då, ha det fint og husk lik og del sakene på facebooksida til Tromsø SV, verv medlemmar (medlemstalet aukar vi er no 213 medlemmar i Tromsø SV) og ta kontakt med spørsmål eller innspel.


Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV