Betre luft i Tromsø– rapport frå kommunestyret i juni

Ein og ein halv time på overtid tok det siste kommunestyremøtet før sommaren slutt. Det dukka opp ei overraskande tilleggssak på slutten.


Samfunnsplanen
Kommuneplanens samfunnsdel er det overordna styringsdokumentet i Tromsø kommune. Det skal peike ut hovudretninga vi skal i dei neste 12 åra. For SV var det viktig å peike på kampen mot ulikheit og for miljøet som sentrale poeng. Her kan du sjå Åsne Høgetveit sitt innlegg i saka på youtube:

Innholdet er ikke tilgjengelig.
Du må tillate bruk av informasjonskapsler for å se dette innholdet.

Abdalla Ali Mohammed hadde eit godt innlegg om rasisme og fekk eit forslag om kamp mot rasisme inn i samfunnsplanen.
Tiltak mot svevestøv
Eg er veldig glad for at vi no får innført viktige tiltak for å redusere mengda svevestøv i Tromsø. 3900 menneske lever i område med helseskadelege nivå av svevestøv. Tiltak er blant anna at:
• Vi skal no koste meir og oftare. Det blir kjøpt inn utstyr og det blir fleire folk til å drive dette arbeidet.
• Vi skal fjerne snø slik at det ikkje blir store støvdeponi langs vegane når snøen smeltar.
• Vi skal gjere ventilasjonen i tunellane betre for fjerne støvet derifrå.
• Vi skal behalde dekkpant, slik at du får 1400 kroner om du byttar frå piggdekk til piggfrie dekk.

Finansieringa av desse tiltaka er ikkje noko særleg å gle seg over. For SV er det aldri positivt å innføre flate avgifter. Likevel, når vi må velje mellom effektive tiltak for å redusere helse- og miljøbelastninga for mange innbyggarar i Tromsø på den eine sida og ei avgift som du faktisk kan velje bort gjennom å køyre piggfritt på den andre sida, så er kanskje ikkje valet enkelt, men likevel klårt.

Kultur
Det har vore foreslått store kutt innanfor kultursektoren som ville fått alvorlege konsekvensar. Vi hadde bedd om å få ei sak om dette i kommunestyre for eventuelt å kunne gjere noko med det. Saka kom først dagen før kommunestyret, slik at det var dårleg tid til å vurdere den. Vi hadde bedd administrasjonen om å foreslå 2,5 millionar til kultur. Men den inndekninga som var foreslått var så uklår at vi måtte utsette dette til Økonomirapport 2.

Sluttavtale for kommunedirektøren
På tampen kom det ei sak der vi måtte ta stilling til ein sluttavtale for kommunedirektøren. Vi var lite glade for å inngå ein avtale om etterløn i 18 månader. Kommunestyret kunne vanskeleg gå inn i sjølve avtalen som arbeidsgjevarutvalet hadde forhandla fram. Vi måtte anten akseptere avtalen eller ta risikoen med rettssak. Ein slik rettsak kunne fort blitt dyr og det er aldri ein «vinnar» etter ein slik prosess.


Arctic Center
Som forventa vart ikkje klagen vår på omgjeringa av vedtaket om Arctic Center vedtatt. Den blir no sendt til fylkesmannen som vil vurdere saka og avgjere om omgjeringa var lovleg.

Det var eit langt møte med svært mange saker. Berre ta kontakt om du lurer på noko anten med dei sakene som er omtalt her, eller ei av dei andre. Du kan sjå heile sakslista her.

Dei som representerte SV i dette kommunestyret var Gunhild Johansen, Abdalla Ali Mohammed, Åsne Høgetveit, Maja Lockert, Sigrid B. Hammer, Ingrid Hovda Lien, Pål Julius skogholt (til kl 16) og Marie Hella Lindberg (frå kl 16).

Håper dokker alle får ein fin sommar!

Pål Julius Skogholt, gruppeleiar

%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close