Det gjekk bra denne gongen

Skrive av Pål Julius Skogholt, gruppleiar

USS New Mexico har forlatt Tromsø, og det gjekk bra denne gongen. Men dette besøket viser og at kommunestyret gjorde eit fornuftig vedtak då vi sa at vi ikkje ønska reaktordrivne fartøy til Tromsø før beredskapsplanane var behandla i kommunestyret. Det har ikkje innhenta aksept frå foreldra om å gje jodtablettar på skolane før anløpet, det skjedde undervegs. Vi såg og at apoteka slapp opp for jodtablettar. Dersom det hadde skjedd ei ulykke i helga, korleis ville då lagra med jodtablettar på skolane kunne blitt brukt på ein rask måte? Det er og openbart at beredskapsetatane i kommunen ikkje hadde fått øva fysisk på korleis eit eventuelt uhell skulle handterast.

Så sjølv om vi veit at sjansen for at noko skal skje med ein av desse ubåtane medan dei er i Tromsø er svært liten, veit vi og at konsekvensane av eit uhell blir store og at det i beste fall er usikkert om vi hadde hatt ein beredskap for å handtere dette. I den situasjonen er det ganske fortvilande at Forsvarsdepartementet vel å sjå bort frå vedtak i kommunestyret og sette Tromsø i ein situasjon der vi kunne måtta handtere ein atomsituasjon vi ikkje var eller er klare for.

Det kjem til å komme fleire ubåtar til Tromsø. Fire til seks anløp i året blir det sagt. I ein risikoanalyse frå den 6. august 2020 skriv det norske forsvaret:

«Ettersom design av reaktordrevne ubåter og ubåtreaktorer regnes som som sensitive millitære hemmeligheter av flaggstatene, vet norske myndigheter lite i detalj om de hendelser som kan oppstå»

Dette er ikkje betryggande. Så sa DSA på folkemøtet 3. mai 21 at dei har skaffe seg betre kunnskap i samarbeid med Australia. Det er likevel klårt at det er mykje norske myndigheiter ikkje veit. Det gjer det sjølvsagt vanskeleg å vere trygg på at den beredskapen vi har er i stand til å handtere dei situasjonane som kan oppstå.

Terror

Kanskje er den største faren for folk i Tromsø at ein av desse ubåtane blir utsett for terror eller ein type hybrid krigføringssituasjon frå Russland. Og sjølv om forsvaret forsikrar at dei sjekkar Grøtsund grundig før kvart anløp er det ein openberr risiko at kaia som atomubåtane skal bruke vil vere opent tilgjengeleg for sivile fartøy mellom anløpa. Det gjer det sjølvsagt mogleg å plante eksplosivar eller liknande. Kanskje vil det norske forsvaret finne eventuelle slike bomber, men risikoen aukar klart gjennom at forsvaret vel å bruke ei sivil kai til å ta mot atomubåtar.

I ein av risikoanalysane frå forsvaret så skriv dei:

«Sett opp imot terrortrusselen kan en tenkt situasjon være at slepebåten blir rigget med sprengstoff for å ramme fartøyet. Dette kan medføre fatale skader på det reaktordrevne fartøyet»

Det er eigentleg berre fantasien som set grenser for dei terrorscenarioa ein kan tenke seg. Og, det er ikkje fantasien det har skorta på for ulike terrororganisasjonar når dei har plotta korleis dei skal ta livet av folk. Det betyr og at dei som skal passe på fartøyet må ta høgde for svært mange truslar. Det aukar sjølvsagt og risikoen.

Tromsø som bombemål

I 2019 opphøyrte ein av dei aller viktigaste avtalane vi hadde om atomvåpen – avtale som la ned forbod mot mellomdistanserakettar. Dette var rakettar med atomvåpen som kunne nå det aller meste av Europa i løpet av nokre få minutt.

Det gjev ei enormt kort responstid noko som sjølvsagt aukar moglegheitene for menneskelege feil enormt. Det er ikkje tid til å sjekke om det er ein gåseflokk eller om det er atomrakettar radaren ser.

Det som er ekstra skummelt no er at både det amerikanske militæret og det russiske militæret seriøst tenkjer om korleis dei kan vinne ein atomkrig – ein såkalla begrensa atomkrig. Dei utviklar mindre, taktiske atomvåpen, som skal kunne brukast i ein begrensa atomkrig. Tanken er at dersom vi bruker eit lite atomvåpen vil fienden og berre bruke eit lite taktisk atomvåpen, og då kan vi bruke det på slagmarka for å vinne ein eller annan kamp. Tanken er og at det vil vere ein advarsel til den andre parten om å ikkje bruke store våpen for vi har vist vilje til å bruke små våpen og då vil vi sikkert bruke store våpen og. Såkalla escalate to deescalate

Dette er etter mi meining ei livsfarleg utvikling. Det å senke det barrierane, det å redusere det internasjonale tabuet mot å bruke atomvåpen av noko slag aukar risikoen for oss alle.

Det går an å sjå for seg at i ein krigs- eller krisesituasjon på Baltikum eller likande så vil Russland etter denne strategien bruke ei lita atombombe mot Ämari flybase i Estland der NATO sine fly er basert. Det er ganske aude så dei sivile tapa ville blitt begrensa (i atomkrigforsstand). Korleis skulle USA/NATO svart på noko slik? Kanskje med ei «lita» atombombe mot flyplassen Sesja, aust for Ukraina også ganske aude.

Spørsmålet er, kva skjer etter dette. Er det mogleg å stoppe? Det er umogleg å vite. Det som er heilt sikkert at sjansen for ei feilvurdering i ein slik situasjon er kjempestore. Risikoen for at det skal gå alvorleg galt er skyhøg.

Det er ingen som veit om doktrinane i USA og Russland er endra og tilpassa bruk av små atombomber. Men det framstår som ganske sikkert at dette blir prøvd ut og vurdert i ulike «wargames» på begge sider.

Eg har ikkje tenkt å starte å gråte meg i søvn kvar kveld med tanke på faren for atomkrig. Det er så mykje vi kan vere redde for tida. Men eg meiner det er på tide at vi verkeleg tar atomspørsmålet på alvor i den politiske debatten igjen.

Derfor er eit besøk av amerikanske atomubåtar eit større spørsmål enn berre om kva som skjer dersom det skulle vere eit uhell med ein av desse båtane. Dette handlar om korleis dei russiske styresmaktene oppfattar dette. Er det ein trussel, og ikkje minst er spørsmålet om dette gjer Tromsø til eit «legitimt» mål i ein escalate to deescalate situasjon?

Kjelder

Low-Yield Nukes Are Backed by Flimsy Arguments (foreignpolicy.com)

Nuclear weapons: experts alarmed by new Pentagon «war-fighting» doctrine | Nuclear weapons | The Guardian

Russia’s Nuclear Weapons: Doctrine, Forces, and Modernization

Risikoanalyse og Sårbarhetsvurdering for anløp av reaktordrevne fartøy til Grøtsund industrihavn nord for Tromsø (GIT)

Denne kronikken er også publisert i avisene iTromsø og Nordlys.

Bildet viser utbåten USS New Mexico ved dette besøket. Foto av Stein Valkoinen (Alle rettigheter forbeholdt)

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close