Rapport frå kommunestyret i februar

Økonomien er det dominerande temaet i alle saker i kommunestyret for tida. På onsdag var det skole om stod i fokus. Formålet med den saka vi hadde var å prøve å finne kutt så langt vekk frå barn og unge i skole eller barnevern som mogleg for å minimalisere nedskjæringane ute i skolane og i barnevernet.

Kommunestyret vedtok at:

  • Ordningen med skoleskyss for ungdomsskoleelever til Grønnåsen skole avsluttes ved skolestart høsten 2020, jf. kommunestyresak 209/19 -1 000 000
  • Antall plasser i innføringsklassene for innvandrere kan reduseres fra 82 til 45 på grunn av vesentlig nedgang i behovet -5 000 000
  • Avvikle tilskuddsordninger -2 300 000
  • Redusere åpningstid SFO -2 000 000
  • Videreutdanning lærere (Halvere kommunal andel) -1 500 000
  • Administrative stillinger Avdeling for Oppvekst- og utdanning -3 800 000

Desse innsparingane er på 15,6 millionar og av denne summen får barnevernet 10 millionar og skolane 5,6 millionar. Så er det viktig å huske på at innsparingane berre får halvårsverknad i år. Det får også betydning for kor mykje skolane og barnevernet får overført.

I tillegg til dette vedtok kommunestyret ein stillingsstopp – sjølvsagt med unntak for naudsynte stillinger ute i tenestene  – og at formannskapet må godkjenne alle nye stillingar i kommunen.

Skytebane

Kommunestyret har hatt eit utval i gaang for å sjå kva moglegheiter som finst for å finne ein plass for eit skytebaneenlegg i Tromsø. Dei har konkludert med at Langmoen på Breivikeidet sannsynlegvis er den beste plassen å få realisert eit slikt anlegg. Kommunestyret gjkk inn for å fortsette prosessen for å finne ut om det lar seg realisere. Det er utfordringar knytt til reindrift, miljø og støy. Det vi har bedd om er at ein skal gjere det minimum av undersøkingar som er naudsynte for å finne ut om dette lar seg løyse eller ikkje.

Alternativet til eit skytebaneanlegg er sannsynlegvis eit desentralisert anlegg med skyting på fleire ulike stader i Tromsø. Det vil bli spesielt utfordrande for Kjoselvdalen. Der slit dei allereie med ganske mykje skytestøy.

Innspel nasjonal transportplan.

SV var godt nøgd med innspelet til Nasjonal transportplan. Jernbane, byvekstavtale og ny E8 er topprangerte. Det er i tråd med det vi har meint er dei viktigaste prosjekta. Den største debatten handla om rullebaneforlenging. Det er mange gode og relevante miljøargument mot ei rullebaneforlenging. Men det er og heilt sentrale tryggleiksargument for ein rullebaneforlenging. For SV-gruppa vart tryggleik det viktigaste og vi stemte derfor for at rullebaneforlenginga skulle stå som tredjeprioritet innafor kategorien luftfart.

Stakekvollvegen

Det var to saker om Stakkevollvegen. Den viktigaste handla om reguleringsplanen. Vi har no endeleg ein vedtatt plan for vegen. Reguleringsplanen regulerer vegbreidda langs heile traseen, men seier ikkje noko om antal felt og slike ting. Det vil vi måtte komme tilbake til. Det at vi no har ein vedtatt plan gjer at dei som skal utvikle områda langs vegen veit kva reglar som gjeld. Då kan vi forhåpentlegvis komme i gang med transformasjonen av dette området.

Den andre saka om Stakkevollvegen var ei orientering om kostnader. Kort sagt viser den at vi ikkje har råd til vegen per i dag. Den saka vil vi måtte komme tilbake til, og vart kun tatt til orientering i denne omgangen.

OK, dette vart langt nok. Eg legg ved den resterande sakslista. Har du spørsmål eller kommentarar er det berre å ta kontakt.

Dei som representerte SV i dette kommunestyremøtet var Gunhild, Johansen, Benjamin Notkevich, Åsne Høgetveit, Abdalla Ali Mohammed, Maja Lockert, Sigrid Hammer og Pål Julius Skogholt.

Saksdok

%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close