Eit godt budsjett for Tromsø

På onsdag la opposisjonen fram eit felles alternativ til byrådet sitt budsjett for Tromsø. I dette budsjettet finn vi rom for å:

Auke med 40 lærarstillingarBygge 200 kommunale utleigebustaderAuke støtta til dei fattigaste i Tromsø ved å legge SIFO sine satsar til grunn.

Dette er gode saker som SV er godt nøgd med. Dette får vi råd til mellom anna gjennom å kutte uviktige ting som høgresida vil bruke pengar på. Vi foreslår å kutte:

Politiske rådgjevarar 4 millionarKonsulentbruk  7 millionar (det meste går til å førebu privatisering og konkurranseutsetting)Redusert bruk av private vikarbyrå 2 millionar (desse kostar omtrent dobbelt så mykje som kommunale vikarar)Ikkje konkurranseutsette sentralkjøkken og heimetenesta, 8 millionar

No har Høgre og Framstegspartiet gått saman i finanskomiteen om å kutte eigedomsskatten med over seks millionar, kutt som vil gå utover tenestene til innbyggarane i Tromsø. H og Frp vil ikkje seie noko om konsekvensar av dette kuttet, men eg tviler på at dei vil kutte i konsulentbruken sin.

Det er skilnad mellom høgre og venstre også i kommunepolitikken. Det kan det ikkje herske tvil om.

Inn

%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close