Vi tar bussen inn i framtida

Stem SV, og få bussen til 10 kroner. Foto: Krister Brandser/Wikimedia Commons

Tromsø SV vil at bussen skal koste ti kroner, og vi vil at bussen skal gå oftare. Vi vil dette fordi det er bra for miljøet og fordi det er god velferdspolitikk.

Omtrent ein tredjedel av innbyggarane i Tromsø har ikkje tilgang til bil, dei har og rett på god kommunikasjon.

For å få dette til meiner SV at det er rett å innføre vegprising. Dette vil saman med auka tilskott frå staten om vi innfører det tilføre oss rundt 200 millionar i året som vi kan bruke på betre vegar, sykkelvegar og billigare og betre buss.

SV er det einaste partiet i kommunestyret som tar denne utfordringa på alvor.

Ein stemme på SV er ein stemme på eit miljø utan svevestøv, ein stemme på eit betre kommunikasjonstilbod, ein stemme mot klimaendringar, ein stemme for gode velferdstilbod.

Innlegg om same tema:Gode vennaSiste dag på stand – god måling i TromsDen vanskelege debatten – om bensinpris og bussbillettKake frå Natur og UngdomKva fortel EXPO 2010 om Kina?

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close