SV sa nei til deponiet i Kattfjorden

Her kan du lese Åsne Høgetveit sitt veldig gode innlegg i saka om massedeponi i Kattfjorden.

Åsne Høgetveit frå kommunestyret

Ordførar, kommunestyre, Det er ikkje noko lita sak å vurdere å legge eit massedeponi i Kattfjorden. Eg er veldig glad for at me har fått såpass med tid til å setje oss inn i sakspapir, at kommune- og byutviklingsutvalet (KOBY) fekk vore på synfaring og hatt møte og samtaler med både utviklingslag og tiltakshavar.

Det er omfattande å skulle lage eit deponi med driftstid på femti år, der me skal kunne lagre forureina avfall til evig tid. Det krev at me som folkevalde får lyfta og drøfta oss gjennom dei ulike aspekta og omsyna ved eit slikt tiltak. Og eg meiner det i alle fall ikkje er noko dårleg teikn å skifte meining i løpet av handsaminga i ei slik sak. For min eigen del røysta eg i fjor for å legge planane ut på offentleg høyring. Eg hadde altså ikkje bestemt meg enno. Eg ville ha innspel og ein grundigare gjennomgang før eg gjorde meg opp ei meining. Men eg gav au uttrykk for skepsis til om inst i Kattfjorden var ei god plassering av eit deponi.

Eg vil takke både tiltakshavar, utviklingslag og andre aktørar for konstruktive, saklege og gode innspel og møte. Det har vore ein grundig prosess, og eg kjenner meg trygg på at eg har grunnlag til å i dag røyste mot å opprette massedeponi i Kattfjorden. Det vart framførd ei god liste argument i diskusjonen i kommunestyret, og eg meiner at den viktigaste grunnen til å røyste mot er sjølve plasseringa. Eg er ikkje i tvil om at tiltakshavar ville bruka den beste teknologien me har for å sikre mot utslepp frå deponiet.

Men sjølv den beste teknologien er ikkje hundre prosent sikker, det vil alltid vera ein viss risiko. Og det er feil å legge ein slik risiko i nedfallsområdet til ein terskelfjord, og ein fjord med ein rik og viktig fiskebestand. Representantar frå utviklingslaget sa det godt då KOBY var på synfaring: dei kunne leva der ute med støy og støv, og ein forverra trafikksituasjon. Det dei var uroa for var konsekvensane dersom det skulle koma utslepp frå eit deponi.

Omgrepet «not in my backyard» har vorte nytta om den lokale motstanden i Kattfjorden. Det er ei umyndiggjering av den saklege og godt grunngjeve lokale skepsisen. Det er ikkje snakk om naboar som er redd for støyen frå ein leikeplass – det er eit lokalsamfunn som er oppteken av ei forsvarleg forvalting av område med sårbare økosystem, og berekraftige ressursar. Eg er glad me slapp å høyre dette i dagens diskusjon i kommunestyret. Me må sjølvsagt ha deponi ein stad, og det er sjølvsagt eit gode om me slepp å transportere både eige og andre sitt avfall over store avstandar. Men grustaket i Kattfjorden ligg i eit for sårbart område til at me kan lagre forureina massar der til evig tid. For me veit ikkje om den beste teknologien me har i dag held hundreår fram i tid, og i alle fall ikkje med dei potensielt dramatiske endringane i ver og klima.

%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close