Høghus på toppen av Tromsøya er ein dårleg idé

Det er ein dårleg idé å bygge høghus, ti og tolv etasjar, øvst i Varden borettslag nord på Tromsøya. To slik massive blokker, på eit av dei høgste og mest synlege punkta på øya, vil stikke seg kraftig ut i landskapet og heng dårleg saman med resten av bygga i området. I motsetnad til dei nye, høge, studentblokkene på Dramsvegen, vil desse bygga verkeleg ruve i synsfeltet.

Det er likevel mange gode ting med å bygge meir bustadar i dette området: det er eit fint bumiljø der ein har butikk, legekontor, skule og barnehage. Det er gode kollektivtilbod, og vegen til lysløypa er kort. Ein viktig kvalitet i denne delen av byen er nett at plassen er nytta godt, og at det er kort veg til natur der byen kjennes fjern. Med to høge blokker tett opp mot markagrensa og konstant i synsfeltet vil ein ikkje lenger kunne få den kjensla.

Illustrasjon henta frå planbeskrivelsen

Det er forståeleg at Varden borettslag, som er forslagsstillarane, ynskjer å bygge fleire bustadar, mellom anna for å skaffe seg økonomi til å ruste opp heile burettslaget. Men, som kommuneadministrasjonen òg peikar på så er det mogleg å løyse oppgradering og nybygg på andre måtar. Måtar som ikkje krev at ein bygger høgblokker som både kastar lange skuggar for naboar og nokså drastisk endrar landskapet for alle som ferdas der.

I denne saka meiner me omsynet til bumiljø, nærmiljø og naturoppleving veg tyngre enn behovet for 190 nye bustadar i ti- og tolvetasjars høgblokker. Me håpar det er interesse for å bygge meir i området, men då med prosjekt som tek vare på dei viktige kvalitetane som er i dette bumiljøet i dag.

%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close