Medlemsepost 09.12.16

Hei gode medlem i Tromsø SV


I denne eposten får du informasjon om årsmøtet i lokallaget, kampanjeveka i januar/februar, arbeidsprogrammet og stortingsnominasjonen.


1. Årsmøtet

Årsmøtet i Tromsø SV blir den 26. januar klokka 1800. Dersom du har ei sak du vil vi skal ta opp på årsmøtet må du sende den inn innan 12. januar til tromso@sv.no.

Valkomiteen er i gang med sitt arbeid. Dei vil gjerne seie:

Hei
Vi i valgkomiteen har to spørsmål til deg som medlem i Tromsø SV:
1. Kan du tenke deg å sitte i styret kommende år?
2. Har du lyst til å delta på SVs uhyre spennende fylkesårsmøte helga 18-19 februar, som del av Tromsø-delegasjonen?
En masse viktige spørsmål skal opp – og DU kan være med å prege SVs politikk kommende år. Meld fra til undertegnede 41434933 eller Elsa Sundsvold 415 59 184 så snart du har bestemt deg.
Hilsener Jens Revold, valgkomiteen i TROMSØ SV »


2. Kampanjeveke

23. januar til 5. februar vil SV køyre ein nasjonal kampanje for å få fokus på miljø og klimaendringar. I Tromsø SV blir det stands, løpeseddelaksjonar og opne møter. Håper du vil delta når du får spørsmål om det. Meir informasjon kjem etterkvart.


3. Stortingsnominasjonen

Nominasjonskomiteen har foreslått denne lista:

1. Torgeir Knag Fylkesnes, Tromsø
2. Katrine Boel Gregussen, Lenvik
3. Bjarne Rohde, Tromsø
4. Siv Elin Hansen, Nordreisa
5. Eva Steffensdatter Aronsen, Sosialistisk Ungdom/Tromsø
6. Odd Are Hansen, Skånland
7. Julie Wilhelmsen, Tromsø
8. Parabaran Rajalingam, Karlsøy
9. Ellen Sæbbe, Dyrøy
10. Edvin Eriksen, Harstad
11. Ellen Øseth, Tromsø
12. Helga Jæger Wigdel, Nordreisa

Komiteen vil ha tilbakemelding på lista frå lokallaga innan 10. januar 2017 slik at endeleg forslag kan sendast ut i rett tid før fylkesårsmøtet. Det betyr at du må sende dine innspel til styret i Tromsø SV i god tid før den 10. januar, helst innan nyttår. Nominasjonen vil sjølvsagt og bli diskutert på årsmøtet i lokallaget og avgjort på fylkesårsmøtet 18.-19. februar.


4. Arbeidsprogrammet


Andreutkastet til nytt arbeidsprogram/stortingsvalprogram for SV er no lagt fram.

Landsstyret skal innstille til landsmøtet på arbeidsprogram, og forslag til endringar skal leverast seinast 6. januar. Det betyr at fylkesstyret må behandle arbeidsprogrammet dei første dagane på nyåret. Vi rekk ikkje ei ny behandling i lokallaget før denne fristen, men du kan sende evt innspel direkte til fylkeslaget på epost troms@sv.no

5. Slutt (nesten)

Det var alt for denne gongen. Det er nytt kommunestyremøte i neste veke. Kommunebudsjettet blir den viktigaste sak. Du får ein rapport frå det møtet etterpå.


Inntil då, ha det fint og husk lik og del sakene på facebooksida til Tromsø SV, verv medlemmar (medlemstalet aukar vi er no 213 medlemmar i Tromsø SV) og ta kontakt med spørsmål eller innspel.


Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV
%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close