No er integrering viktigast

Verda står framfor store utfordringar. Det er svært lenge så mange menneske har vore på flukt i verda som i dag. Fortvilte kvinner, menn og barn flyktar frå krig og terrorisme. Dei leitar etter ein plass der dei kan skape seg trygge og gode liv. I ein slik situasjon er det ingen tvil om at Noreg må stille opp og ta mot mange av desse menneska. Samstundes er det og slik at når så mange er på flukt må vi og prioritere kven vi skal ta mot og gje vern.

Her på grensa mellom Noreg og Russland ved Storskog er det komen mange asylsøkjarar i haust
Her på grensa mellom Noreg og Russland ved Storskog er det komen mange asylsøkjarar i haust

Tromsø SV meiner derfor det i dagens situasjon er riktig å få fart på sakshandsaminga slik at dei som openbart ikkje vil få flyktningstatus i Noreg blir sendt raskt tilbake. Det er viktig for at dei som treng vern skal få det, og for at ikkje mange folk skal kaste bort mykje pengar og utsette seg for store farer for å komme til Noreg når dei ikkje kan få bli.

For å handtere dei store straumane av folk er Tromsø SV positive til at Tromsø seier ja til å opprette eit større transittmottak, og at det blir oppretta asylmottak i kommunen. Tromsø SV meiner at asylmottaka bør drivast av kommunane for å sikre god kvalitet og for å sikre at dei pengane vi bruker på asylsøkjarar og flyktningar går til desse menneska og ikkje til å skape privat profitt.

Svært mange av dei som no kjem til Noreg treng vern og vil få bli i Noreg. Det aller viktigaste no er derfor å sette fokus på integrering av dei som skal bli lenge i Noreg. Det betyr først og fremst at dei blir kjent med norsk språk og kultur og blir i stand til å delta i det norske samfunnet.

Det er heilt urimeleg at folk som kan jobbe og bidra skal sitte gjerandslause på asylmottak i fleire år utan å lære norsk og utan å kunne jobbe.

Dernest må vi ha eit raskt og effektivt system for å vurdere og innpasse det dei som kjem har av utdanning for å klårgjere korleis dei kan bidra og vise kva dei eventuelt treng av utdanning for å kunne jobbe i Noreg.

Dessverre hadde asylforliket kun eit fokus på å stenge grensene og ikkje eit fokus på korleis vil skal gjere dei som kjem i stand til å delta i det norske samfunnet. Det er ei felles oppgåve å sørgje for at så mange som mogleg kan forsørgje se sjølv gjennom eiga arbeid. Dersom folk blir sittande fast i ei byråkratisk hengemyr med mellombels opphaldsløyve eller yrkelaus venting på svar på søknadane om asyl skaper vi framtidige trygdemottakarar i staden for framtidige arbeidsfolk som bidrar til norsk verdiskaping.

Tromsø SV er glad for at SV på Stortinget tok dette på alvor og sto utanfor asylforliket.

I Tromsø er det mange som ønsker å bidra til denne integreringa og som ønsker å hjelpe, kanskje spesielt ungar som kjem åleine. Det er bra og viktig. Det er berre i samarbeid mellom det offentlege, organisasjonar, bedrifter og borgarane vi kan klare å løyse den store utfordringa det norske samfunnet vil få med å integrere dei som kjem til oss.

 

Uttalelse frå medlemsmøtet i Tromsø SV 26.11.2015

Bilde:«Storskog Grenze» av Clemensfranz – Eige arbeid. Lisensiert under CC BY 3.0 via Wikimedia Commons.

Skriv en kommentar

Innholdet er ikke tilgjengelig.
Du må tillate bruk av informasjonskapsler for å se dette innholdet.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close