Kunngjering av årsmøte

Årsmøtet i Tromsø SV blir laurdag 25. januar frå 1400 til 1700. Etter vedtektene skal årsmøtet kunngjerast seinast 30 dagar før. Det er gjort med dette innlegget.

Seinast sju dagar før årsmøtet sender vi ut endeleg innkalling med sakspapir. Den endelege innkallinga kjem med vanleg post for å vere sikre på å nå alle. Har du ikkje fått innkallinga når det nærmar seg årmøtet har vi sannsynlegvis feil adresse til deg. Meld frå. Du vil uansett finn alt av sakspapir på Tromsø SV sine nettsider,www.tromsosv.no når årsmøtet nærmar seg.

Sakspapir finn du her.

Saksliste
1. Årsmelding
2. Rekneskap
3. Arbeidsplan
4. Budsjett
5. Innkomne forslag
6. Uttalelsar/Resolusjonar
7. Val

Ønsker du ei spesiell sak handsama på årsmøtet må styret få beskjed seinast sju dagar før møtet, og helst før. Det er fint om framlegg til resolusjonar og uttalelsar blir sendt inn nokre dagar før møte slik at vi kan publisere dei på nettet og gje folk ein sjanse til å gjere seg opp ei meining om dei.

Val

Valkomiteen i Tromsø SV vil gjerne ha innspel på kandidatar. Dei som er på val er:
1. Heile styret
2. Nominasjonskomite for kommunevalet 2015
3. Utsendingar til årsmøtet i Troms SV

Du skal ikkje vere redd for å melde deg sjølv om du ikkje har vore aktiv før. Spesielt delegasjonen til fylkesårsmøtet prøver vi ofte sette saman ei blanding av erfarne og nye folk. Det kan vere ein fin måte å bli kjent med andre SVarar.
Leiar for valkomiteen er Jens Revold, jens.revold@gmail.com

Med venleg helsing
Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV

Legg att eit svar

Innholdet er ikke tilgjengelig.
Du må tillate bruk av informasjonskapsler for å se dette innholdet.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close