Når skolen må spare

20130530-140432.jpg

Jens Johan Hjorth speglar seg gjerne i glansen av skoleungane i Tromsø, dessverre er han ikkje med på å gje dei dei pengane dei treng. Foto: Mark Ledingham, Tromsø kommune

I fjor haust vedtok høgresida eit budsjett for Tromsøskolen. I dette budsjettet låg det nedskjæringar for skolen i Tromsø. Byråden for utdanning sa at denne nedskjæringa skulle skje utan at kvaliteten i skolen vart dårlegare. Frå SV si side advarte vi allereie den gongen mot dette. Dessverre fekk vi rett, men ikkje fleirtal for å gjere noko med det.

No tar vi til å sjå konsekvensane av høgrepolitikken. Når ein kuttar i skolen så aukar behovet for spesialundervisning. Spesialundervisning er dyrt, men er konsekvensen av innsparingane. Når høgrefleirtalet i kommunestyret i går vedtok at skolane må spare inn 12 millionar resten av året så betyr det færre lærarar i skolen. Færre lærarar betyr mindre oppfølgjing av kvar elev. Ingen må bli forundra om dette vil gjere at behovet for spesialundervisning aukar. Ved behov så har eleven krav på spesialundervisning. Det betyr at sparinga fører til større utgifter, eller eit dårlegare tilbod til alle dei elevane som ikkje treng spesialundervisning.

Denne sparinga frå byrådet si side er ikkje påtvungen oss av dårleg økonomi. Det er ein konsekvens av at byrådet vil sette pengar i banken i staden for i skolen. Eg trur dei gjer det for å kunne kutte eigedomsskatten før neste kommuneval.

Så, då ser vi det, skatt er viktigare for Høgre enn skolen er.

Og, til slutt, innføringa av parlamentarismen av Høgre, Frp, V og Ap kostar omtrent det same som kutta i skolen no. Det er no og ei litt rar prioritering, ikkje sant?

Innlegg om same tema:Byrådet kuttar på skoleVatn i bassengaKoalisjonen av dei villigeFeitare politikarar – slankare elevar20 millionar i overforbruk

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close