Kva er det Høgre og FrP ikkje vil ha?

Hovudinngangen på Langnes skole

Kan det vere denne Høgre ikkje vil ha?

Høgresida i politikken i Tromsø klager mykje. Dei klager på nesten alt i Tromsøsamfunnet, mens eg veit at det er mykje bra i Tromsø, men sjølvsagt og ting som kan bli betre. Det som kanskje forundrar meg mest er at høgresida klager på at vi har investert i skolar og barnehagar i Tromsø.

Derfor spør eg Høgre og Frp: Kva for ein skole er det de ikkje ville bygge eller ikkje ville pusse opp?

Kva for ein barnehage meiner Høgre og Frp er overflødig?

I SV meiner vi det er rett og naudsynt å investere i framtida. Vi vil halde fram med å pusse opp skolar, vi vil halde fram med å bygge barnehagar. Og vi vil bygge ny sjukeheim.

Når Frp og Høgre ikkje vil at kommunen skal låne meir, er det barnehagar, skolar eller sjukeheim som skal kuttast?

Innlegg om same tema:Rangerte skolarBaseskolar eller klasserom – himmel eller helvete?Eg er ein lærarImponertMaks 15 elevar i kvar klasse

%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close