1. Pål Julius Skogholt

Eg heiter Pål Julius Skogholt og er SVs førstekandidat i Tromsø. Eg er gift og har tre barn på 10, 13 og 15 år. Eg er no leiar i Helse- og velferdskomiteen i Tromsø, og jobbar heiltid med politikk i Tromsø. 

I Tromsø har vi ein fantastisk helse og omsorgssektor med dedikerte folk som gjer ein viktig og god jobb for pasientar, brukarar og pårørande kvar einaste dag. Men vi har og nokre store utfordringar. Samhandlingsreformen har påført oss store kostnader som ikkje har blitt følgt av pengar frå staten. Kommunen får ansvar for stadig sjukare og meir pleietrengande folk. I ein trang økonomi blir det vanskeleg. I Helse Nord sin langtidsplan står det at 6800 liggedøgn skal overførast frå sjukehusa til kommunen. Det blir vanskeleg. SV vil jobbe vidare med å gje dei tilsette i sektoren meir rom for å finne gode løysningar i det daglege gjennom ein tillitsreform, og vi vil halde fram med å bruke meir pengar i denne sektoren. Dei siste fire åra har vi auka budsjetta med ein halv milliard. Det er enno ikkje nok.

For min del var det torskekrisa i 1989 som gjorde meg politisk aktiv. Det å på nært hald sjå kor viktig fordelinga av ressursane var og er for menneska og samfunn har gjort meg levande opptatt av å sikre at fiskeressurasr og alle andre naturressursar blir forvalta til beste for folk, og ikkje til beste for nokre få. 

Innholdet er ikke tilgjengelig.
Du må tillate bruk av informasjonskapsler for å se dette innholdet.

I tromsøpolitikken trur eg noko av det aller viktigaste er å jobe med korleis vi utviklar denne byen til beste for alle. Korleis bygger vi nok hus for alle som vil bu i Tromsø, utan at vi øydelegg bumiljøa våre? Kor tett og høgt kan vi bygge? Eg meiner at vi over lang tid har latt utbyggarane legge for mykje av premissa for utviklinga av Tromsø. Vi treng større kontroll av at uteområde, leikeområde og nye hus fungerer for alle og fungerer for dei miljøa der dei høyrer heime. Ein del av dette er å sikre at vi ikkje kveles av trafikken i denne byen. Vi ser at vegsystemet vårt ikkje er godt nok. Småvegane i bustadområda våre er overbelasta, dei større vegane våre er overbelasta, og dersom vi ikkje klarer å få fleire til å ta buss, til å sykle og gå så vil transporten stoppe opp. Det vil bli verre for astmatikarar og det vil bli vanskeleg for barn som skal gå til skole og fritidsaktivitetar. Ein byvekstavtale med bompengar er naudsynst for å få gjort noko med dette. 

Før eg tok til å  jobbe med lokalpolitikk har eg jobba i Senter for fjernteknologi, eg har vore statssekretær i Næringsdepartementet og fylkesråd for utdanning. Utdanninga mi er innan fiskeri, eg har ein Master of Marine Management, men dessverre har eg ikkje fått jobba så mykje med den viktige fiskerinæringa vår. Eg hadde eit par å i eksportutvalet for fisk da eg var ferdigutdanna. 

Eg stiller til val for SV fordi eg trur på eit samfunn med små forskjellar mellom folk og at vi i fellesskap kan finne dei gode løysingane for velferd og samfunnsutvikling.» 

Pål Julius sin blogg

Pål Julius si facebookside

Pål Julius sin youtubekanal

Send ein epost

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close