4. Åsne Høgetveit

Mitt namn er Åsne Ø. Høgetveit og eg er SVs fjerdekandidat i Tromsø. Eg har vakse opp på småbruk i Vinje i Telemark, men har sidan 2006 for det meste budd i Tromsø. Her har eg nett avslutta eit doktorgradsløp i Russisk kultur ved Universitetet i Tromsø (UiT), arbeider som yogainstruktør på SATS, og har nett byrja i jobb som rådgjevar ved UiT.

Dei siste fire åra har eg møtt som vara i kommunestyret, og eg sit i Tromsø kommunes jernbaneutval. Eg har vore politisk engasjert sidan tidleg i tennåra, og ei sak som har fylgd meg er jernbanesaka. Eg ser jernbane som ein del av løysinga på fleire av dei store problema me ser i dag knytt til klima, transport og samfunnssikkerheit.

Sjølv om eg i mitt vaksne liv stort sett har budd i by er eg oppteken av bygdene og landbrukspolitikk. Det blir ikkje mindre viktig framover å sørge for berekraftig matproduksjon og landbruksforvalting. Det er viktig med eit sterkt jordvern i kommunen, og ein politikk som støttar opp både om tradisjonelle driftsformer og nyare tiltak som andelsbruk og felleshagar.

Tromsø har eit rikt og mangfaldig kulturliv som gjer at me som bur her kan få utfolde og utvikle oss som menneske – i leik, konkurranse, samspel og meiningsbryting. Tromsø kommune skal vera ein god støttespelar både for det profesjonelle og det friviljuge kulturlivet. Særleg viktig meiner eg det er at barn og ungdom får tilgang til ulike kulturtilbod, uavhengig av foreldras økonomi.

For meg, som for mange andre som bur og vitjar kommunen, er tilgang til naturen viktig. Eg set stor pris på å kunne koma meg ut på tur, anten det er i Tromsømarka, Sherpatrappa eller andre område. Å legge til rette for enkelt friluftsliv i form av tilgjengelege gangstiar og løypemerking er noko av det mest effektive folkehelsearbeidet som finns. Dessutan når det så godt som alle som bur her, uavhengig av økonomi, alder, kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsnivå. Eg vil arbeide for inkluderande friluftsliv som gjer oss friskare, gladare og meir oppteken av å ta vare på naturen kring oss.