Tromsø SV seier nei til sosial dumping, og ja til eit anstendig arbeidsliv – også på hamna.

Politiet opptrer skamlaust når dei legg streikande hamnearbeidarar og deira sympatisørar i jern.

I over eit halvt år har hamnearbeidarar i Tromsø vore i sympatistreik for Norsk Transportarbeiderforbund sitt krav om tariffavtale i Risavika hamn utafor Stavanger. I den siste tida har konfliktnivået i Tromsø auka gjennom at hamnearbeidarar og sympatisørar har gått til spontane aksjonar på hurtigrutekaia i Tromsø. Grunnen til aksjonane er at transportøren NorLines har sett inn streikebrytarar for å gjere jobben til dei streikande hamnearbeidarane – på oppfordring frå NHO.

Torsdag 12. juni vart 41 arbeidarar som blokkerte for streikebrytarane sitt arbeid arrestert og køyrt bort av politiet. Dette er ei heilt anna, og hardhendt handtering frå politiet si side, enn det som har vore tradisjon ved arbeidskonfliktar i Noreg.

Politiet har på den måten valt side i konflikten – til fordel for streikebrytarane og arbeidsgjevarane. Dette er ei udemokratisk utvikling som det er grunn til å kritisere kraftig. Politiet skal ikkje misbrukast i ei arbeidskonflikt. Streikeretten er ein menneskerett som politiet ikkje har noko med å innskrenke etter sitt eiget innfall.

Om hamnearbeidarane ikkje vinn fram med sin kamp i dei norske hamnene, er det fritt fram for sosial dumping på hamna. Utanlandske sjøfolk, som berre får lønn når dei er i sjøen, må då losse og laste båtane – gratis.

SV er for eit anstendig arbeidsliv i Noreg, og støtter derfor hamnearbeidarane i sin kamp for tariffavtale. Vi oppfordrar alle til å bidra i deira kamp for eit anstendig arbeidsliv. Tapar hamnearbeidarane, kan det vere din tur neste gong.

Vedtatt på styremøte i Tromsø SV 15.06.14

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close