Invitasjon til møte om arbeidsprogrammet med Snorre Valen

Snorre ValenDet blir møte med Snorre Valen den 22. august klokka 18-20 på Saga Hotell

Snorre er leiar i komiteen som lagar nytt arbeidsprogram. Han vil snakke med oss om arbeidsprogrammet med eit spesielt fokus på korleis SV skal handtere integrering og fordelingsspørsmåla.

I sommar har det vore store diskusjonar om burkini spesielt og integrering generelt. Dette er utfordringar for det norske samfunnet. Arbeidsprogrammet til SV vil meisle ut våre svar på desse spørsmåla.

Forskjellane aukar i Noreg og i verda. Vi ser tydelege utslag av dette blant anna på boligprisane. SV har og skal ha gode svar på dette.

Bli med i debatten om nytt arbeidsprogram. Dette er første etappe, og diskusjonen på møtet vil legge grunnlaget for Tromsø SV sitt innspel til førsteutkastet til arbeidsprogram.

Du kan lese programutkastet her: https://www.sv.no/programarbeid/

Du kan delta i debatten her: https://mitt.sv.no/

OG HUSK. VI TRENGER FLEIRE MEDLEMMAR. VERV EIN KAMERAT.
Be kameraten din Sende «innmelding » til 2090

Håper å sjå deg
Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV