Tømmer kommunekassa

Få er klar over at byrådet har tømt kommunekassa for meir enn ein halv milliard kroner. Dette er verdiar som dei folkevalde ikkje lenger kan styre over. Kontrollen er overført til styre i aksjeselskap og i den nye pensjonskassa. Styrer som står til ansvar overfor byrådet, ikkje overfor innbyggjarane i Tromsø. Dette er ei form for privatisering som vanskeleg lar seg reversere.

Byrådet i Tromsø gjennomfører to store ran av verdiane til kommunen og dermed av innbyggarane i Tromsø. Begge delar skjer av ideologiske grunnar og ikkje fordi det er lurt. Verdi er her både pengar, men viktigaste verdien vi mistar er moglegheita til å skape politikk for velferd.

Arnestedet

Det første av desse rana er overflytting av eigedommar for 115 millionar til Arnestedet AS. Der skal eigedomane gje finansiell avkastning heller enn avkastning i form av betre velferd for innbyggarane. Vi kan tydeleggjere dette gjennom å sjå korleis verdiane blir rekna ut. Ein av eigedomane blir overført med ein takst som er basert på at det skal byggast hus der som skal koste 45000 kroner per kvadratmeter. I den augneblinken tomta er overført til Arnestedet AS gjeld avkastningskravet på sju prosent som byrådet har pålagt selskapet. Då kan ein ikkje lenger bygge hus med ein pris folk har råd til å betale på den tomta, fordi det ville bety underskott for aksjeselskapet. Marit Rein i Nordlys seier det slik i ein kommentar 01.02.13:

Arnestedet Eiendom AS er etablert og byrådets plan er at det skal tilføres kommunale eiendommer i hundremillionersklassen. Når eiendommene blir overført til dette selskapet, er de i praksis ute av kommunen. Et AS skal styres etter aksjeloven. Og vi, folket, som opprinnelig eide verdiene, får ikke lenger innsyn i eller kan bestemme over hva som skal skje. Målet er selvsagt å tjene penger, men så langt har ikke byrådet dokumentert inntektene av manøvren.

Det viktigaste i vedtaket kommunestyret fatta i september 2013 var:

  1. Følgende eiendommer overføres fra Tromsø kommune til Arnestedet Eiendom AS; – Mellomvegen 33: Gnr. 200 / Bnr. 809; Taksert markedsverdi: kr 3.600.000,- *- Arneberg: Gnr.119 / Bnr. 448; Taksert markedsverdi: kr 3.800.000,-*- Einerhagen: Gnr. 117 / Bnr. 437; Taksert markedsverdi: kr 34.800.000,- *- Einerhagen: Gnr. 117 / Bnr. 438; Taksert markedsverdi: kr 27.000.000,- *- Fagernes: Gnr. 30 / Bnr. 225; Taksert markedsverdi: kr 2.750.000,- *- C- og B felt Storelva: Gnr. 71 / Bnr. 1; Taksert markedsverdi: kr 40.000.000,-

  2. Samlet markedsverdi for alle eiendommer som overdras til Arnestedet Eiendom AS er kr 111 950 000. Etter tomteoverdragelsene vil bokført egenkapital i Arnestedet Eiendom AS utgjøre 113,9 mill.kr og utgjøre 97,2 % av totalkapitalen i konsernet.

Pensjonskasse

Det andre store ranet handlar om Tromsø kommunale pensjonskasse som startar opp 1.9.14. For å finansiere pensjonskassa har kommunen overført eigedomane Heracleum, Laureng og Slottet (Bydrifts anlegg på Skattøra) til pensjonskassa. Trikset er at kommunen skal leige bygningane tilbake og betale leige til pensjonskassa. 

Her er enno mykje uklart – for eksempel kva som kjem til å skje med husleiga til dei som bur på Heracleum og Laureng. Kommunen har vedtatt at ei slik overføring av eigedomar ikkje skal koste kommunen noko – altså skal dei som bur på Laureng og Heracleum betale husleiga som pensjonskassa krev.

Det mest alvorlege er likevel at dersom pensjonskassa, som skal forvalte pensjonsmilliardane på børsen, går på ein smell slik finansmarknaden gjer med ujamne mellomrom, vil det vere fare for at eigenkapitalen går heilt eller delvis tapt.
Risikoen ved dette er skremmande. Kommunen vil bli svært avhengig av korleis forvaltninga av denne pensjonskassa blir. Med tankar om terrakommunar i bakhovudet er dette skummelt. Det vil vere betydeleg tryggare å vere medlem av ei større kasse med profesjonell drift, som KLP. KLP er eit gjensidig selskap som er eig av kundande som for det alle meste er norsk kommunar, fylke og helseforetak. Då er det fleire som deler på risikoen. Det er ein kostnad på 287 millionar å opprette ei eiga pensjonskasse for Tromsø. Det slepp vi om kommunen meldte seg inn i KLP.

Det er mogleg å seie mykje om vedtaket om å opprette ei pensjonskasse, men det handlar og om kor mykje av pensjonistane sine pengar som skal gå til å betale honorar til styret. SV hadde foreslått og fått fleirtal i finanskomiteen om å halvere honoraret til styret, samanlikna med det byrådet foreslo. Tre modige høgrekvinner stemte for forslaget i komiteen slik at det vart fleirtal for halvere honoraret, men dessverre berre i komiteen. Når vi kom til kommunestyremøtet var desse tre piska på plass av byråd og gruppeleiinga i Høgre.

Gunhild Johansen seier det godt her:

Innmelding i KLP vil spare kommunen for anslagsvis 287 mill kroner bare i etableringskostnader. Hva det vil koste å drifte en kasse er det ingen som vet. Det vi vet er at egen kasse må bære all risiko for variasjoner i uføregrad, endring i den demografiske sammensetningen av de ansatte (for eksempel ved utskilling i AS eller privatisering) og uttak av AFP. Ingen ting av dette er utredet.

Høyresida velger å se bort fra realitetene. For innbyggerne i Tromsø bør det være av interesse å vite om kommunens politikere til slutt velger den løsningen som er billigst, tryggest, gir mest forutsigbarhet og har landets beste kompetanse på pensjon – eller om de går for et langt dyrere og mer risikofylt prosjekt ved å etablere egen pensjonskasse.

Tromsø parkering

Det er ikkje berre arrangørane av Arctic Race som synst det er irriterande å få parkeringsbot. Og det er ikkje berre for oss andre å gå til ordføraren og få han til å betale bota med kommunen sine pengar. Tromsø Parkering gjer ein viktig jobb for å gjere byen sikker for alle som ferdes i gater og på fortau. Inntil selskapet vart omgjort til AS av de borgarlege frå 1.1.14, var Tromsø Parkering ein viktig reiskap for kommunen i byplanlegginga. No skal selskapet drivast etter aksjeloven og har profitt for eigarane som viktigaste mandat.

SV har reagert sterkt på at Tromsø Parkering no og skal handheve politivedtektane i Tromsø og bøtelegge oss innbyggarane for små og store overtramp. Formelt sett er det snakk om gebyr og ikkje bøter. Men for den som får dei vil det oppleves som bøter.
Dette er problematisk både fordi Tromsø Parkering blir omgjort til eit aksjeselskap, men og fordi det ikkje er laga gode ordningar for klagehandsaming. Det verste er likevel at offentleg myndigheit blir flytta ut av forvaltninga og over i eit selskap som er underlagt aksjeloven og ikkje styrt av folkevalde organ.

Då Tromsø Parkering vart eit aksjeselskap vart alle verdiane i Tromsø Parkering overført til aksjeselskapet, inkludert Fjellet parkeringshus og Seminaret parkeringshus.

Konklusjon

Så kan du argumentere for at desse aksjeselskapa er kommunalt eigde, så pengane er framleis i kommunen. Men det er ein ein stor skilnad på om dette er forvalta av folkevalde eller av styra i aksjeselskapa. Desse aksjeselskapa styrer ikkje etter kommuneloven, men etter aksjeloven. Den har eit heilt anna formål enn å gje folk i Tromsø innverknad på utviklinga av samfunnet vårt.
Kort fortalt. Ein halv milliard er flytta ut av kommunekassa. Styrehonorara går opp. Er det dette som er «nye idear og betre løysningar»?

Er du og lei av høgresida si styring av Tromsø? Gje ein hundrelapp til Tromsø SV sin valkamp!




Tilbake til førstesida
Neste kapittel – Dyrare for innbyggarane

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close