20 millionar i overforbruk

Overforbruk, smak litt på det ordet. Kva assosiasjonar får du? Mine går i retning av sløsing, manglande kontroll og luksus. Betyr det at når skolane i Tromsø har brukt 20 millionar meir enn dei har fått i budsjettet at lærarromma er blitt utstyrt med svindyre italienske kaffemaskinar, medan lærarane slangar seg på designsjeselongar frå Gucci?* les meir »

Dette innleggett 20 millionar i overforbruk kjem opprinneleg fråEit stykkje av verda.

Holmbuktura

I Troms er det 40 punktar langs vegane våre med stor skredfare. Holmbuktura er ein av dei verste av desse 40 punkta. I går var eg på eit folkemøte i Lakselvbukta om sikring av Ura. Det gjorde inntrykk å høyre om korleis ungane har det når dei delar av året heile tida går og er les meir »

6000 trailarar eller tog og båt

For eit par dagar sidan kunne vi lese i Nordlys at Tollpost Globe vurderer å legge ned godslinja si frå Bodø til Tromsø. Båten tar til å bli gammel og selskapet vil ikkje ta kostnaden med å bytte han ut. Den vurderinga er det mogleg å forstå, den skjer – reknar eg med- på eit strengt bedriftsøkonomisk les meir »

Nedstemt

I dag la eg fram to forslag i kommunestyret. Det eine framlegget handla om bustadbygging i Tromsø. Du kan lese meir om forslaget her. Det andre forslaget ba om ei utgreiing av bybane i Tromsø. Eg skal ikkje klage på at forslaga vart nedstemt, det er naturleg i eit demokrati. Folk i Tromsø har ønska les meir »

Eit OL i Oslo

Så kom prislappen på eit OL i Oslo. Herlegheita skal koste meir enn 30 milliardar, det meste skal vere offentlege pengar. Eg meiner det kan vere ein god ide å arrangere OL i Noreg ein gong i blant. Vi kan ikkje alltid reise på besøk og aldri invitere tilbake. Men eg synst det er heilt vanvittig å les meir »

Eit krafttak for bustader i Tromsø

Det blir bygd alt for få hus i Tromsø. Folketalet stig med rundt 1000 personar i året. Det betyr at vi treng mellom 400 og 500 nye bustader av ulik storleik kvart år. Dei siste åra har det blitt bygd rundt 200 i året. Då er det ikkje rart prisane går rakt oppover. Det er les meir »

Risiko, men ikkje gevinst

Oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja gjev oss 100 prosent av risikoen, men berre 3,5 prosent av gevinsten i form av arbeidsplassar. Resten av arbeiodsplassane havnar andre stader. Det må vere tidens dårlegaste avtale vi blir tilbydd. Spesielt med tanke på kva vi risikerer. Denne videoen gjev ein fin gjennomgang: I dag var eg godt les meir »

Anbud og ansvar i kollektivtransporten

Allerede for ett år siden stilte SV flere spørsmål i kommunestyret om hva byrådet tenkte å gjøre med den uholdbare situasjonen med Nobinabussene som ikke fungerer på glatt vinterføre. Vi fremmet forslag om at kommunen i samarbeid med fylkeskommunen, skulle etablere et nytt offentlig eid busselskap som kunne tilby gode tjenester til befolkningen og gode arbeidsvilkår for sjåførene. Dette forslaget les meir »

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close