Kvifor ikkje Arctic Center?

Kostnadene for natur, miljø og reindrift er for store. Åsne Ø. Høgetveit og Ingrid Hovda Lien sit i Kommune- og byutviklingsutvalet, og skriv om kvifor SV er imot Artic Center.

Bilde av Finnheia. Fotograf: Siri Ulsdal, Finnheia.jpg. https://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Finnheia.jpg (CC)

Me er mange som drøymer om kor fint det kunne vore å hatt ei hytte ikkje alt for langt unna der me bur, med tilgang på både alpinbakke og oppkøyrde langrennsløyper. Eller, om så berre eit litt større alpinanlegg enn det me har i Kroken. Og slik kan planane til Artic Center i Håkøybotn og på Finnheia verke heilt midt i blinken – det er jo liksom eit ledig område. Det er berre det at dette området ikkje er nokon kvit flekk på kartet i dag. Det er eit ynda friluftsområde både sommar og vinter, her er eit sårbart dyreliv og viktige kulturminne, og naturområdet i seg sjølv er viktig. I dei over 800 sidene med saksframlegg og vedlegg som høyrer til sakene som no skal opp i kommunestyret, peikar administrasjonen på dei mange negative konsekvensane av særleg hytteutbygging i området. 

Området kring Finnheia er for det meste myr og våtmark. Dette er eit type område me har vorte meir opptekne av dei siste åra. I Klima-, energi og miljøplanen til kommunen har me faktisk vedteke at kommunen ikkje skal tillate meir nedbygging av våtområde. Å gå for ei hytteutbygging på Finnheia ser me som eit brot på dette vedtaket.  

Myrane våre er viktige for å halde på CO2 og for ei rekke sårbare artar. I området er det ikkje kartlagt såkalla raudlista artar, men naturområdet som type er rekna som svært verdfullt. I tillegg trekker både elg og rein i området. Det er gjort utrekningar i det aktuelle området på Finnheia som tydar på at ei hytteutbygging her vil føre til eit utslepp på 35 000 tonn CO2. Det er det same som halvparten av det bilane årleg slepper ut i Tromsø. Utslepp på denne storleiken til dette formålet passar dårleg med dei overordna måla me er nøydd til å nå for å berge livsgrunnlaget vårt i framtida. Det er òg vanskeleg å sjå at måla om nullvekst i personbiltrafikk let seg kombinere med måla for utbyggingsplanane. 

I saka vert det lagt opp til 347 private fritidsbustadar, i tillegg eit uvisst tal kommersielle utleigeeiningar (opp til 43 500 m2 BRA), til samanlikning vert det no bygd 440 bustadar i den nye bydelen på Vervet (utanom hotellet). Til skilnad frå Vervet, skal det store fleirtalet av desse fritidsbustadane ikkje vera blokker. Hyttefeltet vil absolutt dominere i landskapet og laga mykje trafikk. 

Tromsø har vorte eit populært reiselivsmål, på grunn av nærleik til naturen, nordlys, og ein kompakt by med eit rikt kulturliv. Me som har valt å bu her verdset stort sett dei same tinga som dei som har lyst å besøke oss. Men det er me som bur her som har det største ansvaret for at måten me brukar og forvaltar naturen kring oss skjer på ein berekraftig måte. Det er mange som er gode på dette innom reiselivsnæringa i dag. Vidare meiner SV at kommunen bør satse på å gjera naturområde tilgjengeleg for bruk som ikkje øydelegg, forsøplar eller slit ned særleg sårbare område. Me vil heller ikkje godta premiss om at alpinanlegg og hyttefelt vil gjera Tromsø meir attraktivt, utan å få lagt fram skikkelege marknadsanalysar av den forventa bruken av anlegga. Me vil heller ikkje godta premiss om at alpinanlegg og hyttefelt vil gjera Tromsø meir attraktivt, utan å få lagt fram skikkelege marknadsanalysar av den forventa bruken av anlegga. 

I tillegg til å vera eit sårbart myrområde er området kring Finnheia ein viktig del av beiteområdet for tamreindrifta på Sør-Kvaløya. Etter vindkraftutbygginga ved Raudfjell- Kvitfjell er næringa sett under eit enno sterkare press. Området kring Finnheia er viktig både som trekkområde og som kalvingsområde. Det kan bli umogleg å drive med rein på Sør-Kvaløya om dette området blir hyttefelt. SV meiner det ikkje gjeng an at Tromsø kommune godkjenner å skvise samiske interesser på denne måten og øydelegg grunnlaget for ei berekraftig næring. Finnheia har, som namnet hintar til, fleire samiske kulturminne. Som representant for storsamfunnet har Tromsø kommune eit ansvar for å ta vare på desse kulturminna i ein god dialog med det samiske miljøet. Per i dag er verken konflikta med reindrifta eller omsyna til kulturminna løyst i planane til Arctic Center. Dette tyder at saka ikkje blir avgjort av kommunestyret 29. april, men skal til mekling i regi av fylkesmannen og kan bli sendt til departementet for endeleg avgjersle. 

Me lever i ei tid med utfordringar som me enno ikkje heilt veit korleis me skal løyse på ein god måte. For SV er det viktig å ha blikket festa på eit grønt skifte og mindre ulikskap. Det krev at både folkevalde og private næringsaktørar vågar å vera offensive og ikkje berre snakke om eit grønt skifte og samfunnsansvar, men gjera det. 

Innholdet er ikke tilgjengelig.
Du må tillate bruk av informasjonskapsler for å se dette innholdet.

Denne kronikken har vore publisert i avisene iTromsø og Nordlys.

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close