Kommunestyret sa nei til hyttelandsbyen i Arctic Center – Les Åsne Høgetveits innlegg

Bilete av Åsne Høgetveit. Foto av Martin Eilertsen.

Siger for naturen, klima og reindriften! Kommunestyret stemte i kommunestyremøtet 29. april mot Arctic Centers hyttelandsby. Planane kan ikkje realiserast slik dei er no.

Les Åsne Høgetveits hovedinnlegg for SV i debatten i kommunestyret:

Fyrst vil eg takke alle som har engasjert seg i saka, og sagt meininga si i avisinnlegg og på sosiale media. Eigentleg skulle ikkje kommunestyret ta stilling til saka, vedtaket skulle Kommune og byutviklingsutvalet fatte i møtet for to veker sidan. Men i utvalet meinte me at saka er så stor og viktig at me treng ein breiare debatt. Engasjementet dei siste to vekene, og i dette kommunestyremøtet, tydar på at det var rett.

Finnheia, slik ho er og vert bruka i dag, har ikkje eit uutnytta potensiale, slik eg ser det. Tvert om er potensialet i området godt utnytta. Her er tilrettelagt for lågterskel og populært friluftsliv. Det er akkurat den typen friluftsliv som når breiast og best i eit folkehelseperspektiv. Her er beiteområde for sau og kalvings- og beiteområde for rein. Det er berekraftige, langsiktige næringar, som sørgar for lokal matproduksjon og aktiv utmarksforvalting. Og fordi det er raudlista våtmark og myr, ein naturleg lagringsplass for store mengdur karbon, estimera til 35 000 tonn co2, 15 % av Tromsøs årlege utslepp. Dei siste åra har kunnskapen om kor viktig denne landskapstypen er for klima og miljø auka, og i vår eigen klima, miljø og energiplan stend det at dette er område me må passe særleg godt på. I tillegg er det ein område av stor tyding for den samiske historia til kommunen. Alt dette kjem fram i sakspapira.

Det er klart me er avhengige av eit næringsliv med idear og prosjekt for å skaffe nye arbeidsplassar og gjera kommunen vår til ein bra stad både å bu og besøke. Og 100 arbeidsplassar, som er det Arctic Center reknar med å syte for, er eit bra tilskott i Tromsø. AC vil heilt sikkert kunne vera ein viktig del av reiselivsnæringa i kommunen. Men det er ting i den planen som ligg til handsaming i dag som er vanskelege: knytt til konflikta med dagens bruk av området (me kan ikkje få både alpinlandsby og -anlegg OG berge eit naturleg karbonlager), og om det faktisk er økonomi i prosjektet.

Eg meiner reiseliv og kommunen i lag må vidareutvikle Tromsø som eit berekraftig reisemål. Både for nærreise og dei som kjem til Tromsø ein gong i livet fordi det er så eksotisk. I tillegg bør me lyfte blikket til regionen, og så korleis dei ulike destinasjonane i fylket byggjer kvarandre opp og har ulike tilbod.

Arctic Center vil i beste fall gje oss eit flott alpinanlegg og ein alpinlandsby med ein masse nøgde hytteeigarar og lokale og vitjande skikøyrarar. Men ut i frå historikken til Arctic Center og sakspapira til dagens møte er eg ikkje overtydd over realismen i dette. Og viss me meiner noko med det grøne skiftet – å ruste samfunnet vårt til ei berekraftig utnytting av naturen – kan me ikkje godkjenne prosjekt som detta.

Det eg derimot er sterkt overtydd om er kor verdifull dagens bruk og tilstand av området på Finnheia er i eit større klima, miljø, trivsel, folkehelse og identitetsperspektiv. Det er desse kvalitetane me bør forvalte og finslipe.

Legg att eit svar

Innholdet er ikke tilgjengelig.
Du må tillate bruk av informasjonskapsler for å se dette innholdet.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.

%d bloggers like this:

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close