Bjørnar Østgård til minne

Eit tidleg pressebilde av Bjørnar Østgård

SF og SV-veteranen Bjørnar Østgård døde tysdag 86 år gammel. Med han er noko av grunnfjellet i Tromsø SV borte.

Østgård kom tidleg med i politikken. Som lærarutdanna starta han karrieren i Hedmark. Der vart han innskriven som SF medlem nr. 5. Seinare følgde andre lærarjobbar før han vart rektor på Sommerlyst ungdomsskole i Tromsø. Allereie i 1967 vart han valt inn i bystyret, der han satt i fleire periodar. Men det er som fylkespolitikar han sette særlege spor, innvalt for SF i 1971, og han satt heilt fram til 1991, dei siste 12 åra som gruppeleiar for SV. Her var han glødande opptatt av samferdsels-spørsmål, og ikkje minst av jernbanen. Det ville gleda han stort å høyre at spørsmålet no (igjen) skal greiast ut som ledd i en ny samferdselsplan.

For mange som kom sørfrå til ”det raude universitet” var han ein spennande diskusjonspartnar, med klar profil; sosialist, målmann og EU-motstandar. Der mange tidvis kunne fortape seg i dei store teoretiske debattane, var Bjørnar ein som sørga for at den utøvande politikken skulle ha eit praktisk siktemål. Det var om å gjere å skape ein postitiv skilnad, både i byen, i fylket og i landet. Ikkje minst då SV gjorde eit brakval og fekk inn ei stor gruppe i kommunestyret, bidro Bjørnar med råd og rettleiing. Han kjente dei kommunale irrgangane og formalia, og hadde (frå kontrollkomiteen i Tromsø) god peiling på rett saksgang og kommunal skikk og bruk. Sjølv for sjølvmedvitne sosialistar var Bjørnar ein mann å bryne seg på, klar i tankegangen, intens og tidvis ganske høglytt. Ingen gjekk heim etter et møte med Bjørnar utan å ha fått noko å tenke på.

Vi husker han frå mange medlemsmøte, der han bidro med synspunkt om alt frå samferdsel, til skolepolitikk og dei store utanrikspolitiske spørsmåla. Han satt i utval og komitear og bidrog også aktivt til at SV i si tid fekk eit eiga hus, som vart ein samlingsstad for partiet i mange år. I mange år måtte Tromsø SV legge møta sine til andre dagar enn når det var spelekveld i bridgeklubben slik at Bjørnar skulle kunne få med seg begge delar.

I ein periode der mange avskreiv si radikale fortid og tilpassa seg som sosialdemokratar, var Bjørnar ein som sto for dei radikale synspunkta sine heile livet. På slutten av sin aktive politiske karriere brukte han mykje tid og krefter på dei eldre.

Han var heil ved, og vil bli sakna av alle dei som lærte noko om praktisk politikk av Bjørnar, anten dei var samde eller usamde.

 

Vi sender helsingar til familien og minnest Bjørnar i takksemd som den politiske entusiasten han var.

 

Tromsø SV

 

Les og artiklane om Bjørnar i Nordlys og iTromsø.

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close