Vedtekter for Tromsø SV

Bakgrunn

Desse vedtektene vart vedtatt på årsmøtet i Tromsø SV i 2016. Det kan vere lurt å sjå desse vedtektane saman med partiets sentrale vedtekter. Dei finn du her.

Innleiing

§ 1 Tromsø SV er kommunelaget til SV – Sosialistiske Venstreparti i Tromsø kommune og er basert på prinsipprogrammet vedtatt på landsmøtet til SV.
§ 2 Desse vedtektene er underordna vedtektene nasjonalt og i fylket

Om styret

 

§3 Styret i Tromsø består av det talet medlemmar som årsmøtet bestemmer, men minimum tre personar. Valperioden er to år, men slik at tilnærma halve styret er på val kvart år.

§4 Gruppeleiaren for kommunestyret tiltrer styret med fulle rettar.

§5 Sosialistisk Ungdom vel ein representant til styret i Tromsø SV som møter med fulle rettar.

§6 Vararepresentantar har møte-, tale- og forslagsrett i alle styremøter.

Om kommunestyregruppa og beinskatt

 

§7 Kommunestyrerepresentantar og andre som har betalte verv for Tromsø SV betaler 10% beinskatt av brutto godtgjøring til partiet.

Personar som innehar verv for partiet som er på heiltid/deltid betaler 5% av bruttoinntekt.

Det skal ikkje betalast beinskatt av tapt arbeidsforteneste. I tvilstilfelle gjer styret vurdering av kva sats som skal gjelde.

§8 Styret kan etter søknad gje heilt eller delvis fritak frå beinskatten.

§9 Kommunestyregruppa skal forelegge alle vanskelege eller prinsippielle saker for styret som avgjer om saka skal handsamast i eit medlemsmøte.

Om medlemsmøtet

 

§10 Leiar eller eit fleirtal i styret kan innkalle til medlemsmøte. Dersom mogleg bør medlemsmøtet innkallast med eit varsel på minst ei veke. Medlemsmøtet kan instruere styret i politiske og organisatoriske saker.

Om økonomi

 

§11 Leiar teiknar prokura og signerer for Tromsø SV

Om nominasjonen

§12 Årsmøtet skal i år før år det er kommuneval velge ein nominasjonskomite
§13 Nominasjonskomiteen skal legge fram eit forslag til kommunevalliste for nominasjonsmøtet.

Om vedtektene

 

§14 Desse vedtektane kan endrast av årsmøtet med allminneleg fleirtal
Vedtatt på årsmøtet i Tromsø SV 29.01.16