Privatisering og konkurranseutsetting

Den 19. juni i 2012 stod eit viktig slag i kommunestyret i Tromsø. Mot stemmane til SV og ein samla opposisjon vedtok høgresida i kommunestyret at byrådet fekk mandat til å konkurranseutsette all kommunal verksemd inntil ein verdi av 75 millionar per kontrakt. Dette var eit avgjerande slag. Byrådet, beståande av Venstre, Høgre og Frp vedtok at all kommunal verksemd skal konkurranseutsettast.

Det er artig å sjå korleis høgresida sin retorikk prøver å skape eit skarpt skilje mellom konkurranseutsetting og privatisering. Høgresida satsar på å forvirre folk med retorikk. Dei framstiller konkuranseutsetting som noko snilt, mens privatisering er noe uønska.
Poenget er at konsekvensane av begge delar er det same. Begge delar medfører at ein slepp inn private aktørar inn i viktig kommunale tenester, som heimeteneste, omsorg og sjukeheimar.

Men, du må uansett ha mange fleire byråkratar. Byrådet har allereie oppretta ei rekke sjefsstillingar. Dei utgjer eit byråkratskikt som skal drive med anbud i staden for omsorg. Det er feil bruk av ressursar og arbeidskraft i kommunen.

Når kommunestyret den 19. juni i 2012 vedtok konkurranseutsetting av alt, er det ille i seg sjølv. Pensjonen til dei tilsette er det første som ryk, men dette er nok berre er byrjinga på eit storstilt sal av kommunal verksemd. Eller kanskje byrådet ønsker at den kommunale verksemda skal rotne på rot? Då får dei jo rett, det private er best.

Forsøket på å privatisere kjøkkenet på Heracleum viser korleis byrådet lever i ei magisk verd, der alt blir billig om det blir privatisert. Ein skulle tru dei innbillte seg at det står ein god fe og viftar med tryllestaven sin over anbodspapira. Kjøkkenet på Heracleum kostar 1,8 millionar i året å drifte. Byrådet meinte, og vi får tru at dei meinte det i fullt alvor, at dei skulle spare 1,5 millionar kroner på å konkuranseutsette drifta. Innbilte dei seg verkeleg at ein i det private jobbar gratis? Dei hadde ein ide om at ideelle organisasjonar skulel ta over og jobbe gratis for kommunen. Sjølvsagt gjekk ikkje dette.

Forsøket på å legge om jordmortenesta viser at byrådet er ganske så hjelpeslaust. Dei hadde misforstått samhandlingsreformen, og trudde at dei var pålagt ei slik anbudsutsetting i staden for å halde fram det gode samarbeidet med UNN på dette området. Det var ikkje før SV fekk departementet til å forklare at det slett ikkje var slik at dei gav seg.

Det styret vi har i Tromsø no er det råaste høgrestyret i landet. Dei seier at marknaden skal styre alt.

Det verste er at dei gjer det med et generelt fullmaktsvedtak. Verken kommunestyret eller fagkomiteane skal få sakene forelagt før dei blir iverksatt. Kommunestyret skal få rapport ein gong per år om kva som er gjort. Hittil har vi ikkje fått nokon slik rapport. Det betyr at byrådet sit i «splendid isolation» og avgjere framtida til dei tilsette i kommunen. Framtida til dei gode kommunale tenestene.

Dette er ikkje konservatisme, det er rå kapitalisme.

Barnehagane

Byrådet hadde store planar om å gjere alle kommunale barnehagar i Tromsø om til eit kommunalt aksjeselskap. På den måten skulle barnehagane kunne drivast etter privatøkonomiske prinsipp. Trass i at SV og ein samla opposisjon kunne bevise at det blir dyrare for kommunen brukte byrådet en halv million på ein rapport frå PwC. Rapporten fortalte akkurat det vi hadde fortalt dei på forhånd, og rapporten var til forveksling lik rapporten frå PwC til Oslo kommune. Det blir ikkje lønsamt.

Dersom kommunen hadde omgjort alle sentrumsbarnehagene til aksjeselskap, ville det vore kostnadsnivået på distriktsbarnehagene som hadde lagt grunnlaget for overføringane til både dei kommunale ASA-barnehagane og dei private barnehagane. Dette ville vorte opp mot 60 millionar kroner dyrare for kommunen enn å halde på dagens ordning.
Etter å ha kasta bort ein halv million på ein rapport vi ikkje trengte, sette byrådet ned eit utval som skulle sjå på organiseringa av sentrumsbarnehagane. Utvalet jobba godt og grundig og kom til slutt til at barnehagane i Tromsø var organiserte på ein optimal måte. Dei hadde ingen forslag til endringar. Altså – borgarleg barnahagepolitikk tapte fullt i møte med godt organisert kommunal barnehagedrift.

Byrådet har likevel ikkje tenkt å gje seg. Dei har andre metodar som kan brukast for å få privat drift av barnehagar. Dei borgarlege har vedtatt at kommunen ikkje skal byggje nye kommunale barnehagar. Når ein kommunal barnehage vert lagd ned, skal tilbodet bli bygd opp igjen av private. Barnehagebaronane gnir seg i hendene, for det er gullkanta butikk å drive kommersiell barnehage i Noreg i dag. Systemet er som skapt for å utnyttast av profitthungrige investorar.

Private inn i eldreomsorgen

Byrådet har opna opp for private i eldreomsorgen både ved å bruke vikarbyrå i stor grad grad og ved å innføre såkalla fritt brukerval i heimesjukepleia. Vikarbyråa leiger ut tilsette på timesbasis til ein pris som langt overgår det kommunen betalar eigne tilsette. Dessverre betyr ikkje det at dei innleidde pleiarane får same lønvilkår som kommunen sin eigne. Ved Seminaret har den store mengda vikarar ført til at kommunen har fått sterk kritikk for at blant anna rehabilitering av pasientar ikkje har halde eit godt nok fagleg nivå.

Dyrt og dårleg, altså.

Og på same måte som fritt skoleval etter kort tid vart omdøypt til friare skoleval fordi det vart uforhaldsmessig dyrt for kommunen, vil det snart bli avslørt at fritt brukarval i heimesjukepleia vil avgrense seg til kva for ein logo dei tilsette skal ha på arbeidstøyet. Dersom ein vil ha fleire tenester enn det som er tildelt frå kommunen, må den einskilde sjølv betale for det – akkurat som i dag.

Dei store private selskapa som fløymer inn over kommunal eldreomsorg, konkurrerer på pris blant anna ved å hente inn billeg arbeidskraft frå lavkostland. Medan høgresida vil ha fokuset over på at vi har eit altfor dyrt velferdstilbod og at eldre må betale for stadig fleire tenester, opnar dei opp for at internasjonale selskap skal få sugerøyr inn i vår skattefinansiert velferdsstat. I fjor vart det avslørt at disse selskapa i Sverige ikkje betalte skatt til Sverige, men overførte milliardprofitten sin til skatteparadis. Det er dette vi no opnar opp for.

For dei tilsette er privatisering ein skandale. Det er deira løns- og pensjonsvilkår som er utslagsgjevande for kva for eit anbod som har lågast pris. Dei må til stadigheit skifte arbeidsgjevar og pensjonsrettane blir dårlegare ved overgang frå offentleg til privat pensjon. På den eine sida skryt byrådet uhemma av jobben dei tilsette i Tromsø kommune gjer, på den andre sida er dei heilt klår på at dei vil kvitte seg med dei så snart private aktørar er på plass.

Slik viser byrådet sine tilsette tillit!

Pensjonsran frå vaskarane

Den sjette oktober i 2014 kom sjokkmeldinga til 179 tilsette i Fagrent. Det er desse 179 som gjer reint i kommunen sine barnehagar,skolar og andre bygg. Byrådet ønsker å spare pengar gjennom å ta frå dei pensjonen dei har spart opp til. Finansbyråd Anne Berit Figenschou skal i alle fall ha kredit for å gje dei tilsette reine ord for pengane. Ho seier til Nordlys den sjette oktober:

– Dersom det blir et AS vil det kunne meldes inn i NHO og følge NHOs tariff. I og med at de ansatte dermed ikke lenger jobber i kommunen, men i et aksjeselskap, vil de kunne miste sin pensjonsordning Der har kommunen en mulighet til å spare penger.

SVs gruppeleder i Tromsø, Gunhild Johansen har lang fartstid i som tillitsvalgt og reagerer svært sterkt:

Dette er hårreisende! I min lange karriere som tillitsvalgt i Fagforbundet, har jeg vært med å kjempe for at alle kommunalt ansatte skulle få rett til pensjon. Nå vil byrådet organisere disse arbeidstakerne ut av den kommunale pensjonsordningen. Det er så uanstendig at det er til å gråte blod av!

Noen av de som har jobbet lengst i kommunen kan på denne måten gå glipp av en millionar i pensjon og AFP. Dette er ingen gullpensjon, men noko slitarane i kommunen har gjort seg fortent til.

Dette er smålegheit, og typisk høgrepolitikk.

Er du og lei av høgresida si styring av Tromsø? Gje ein hundrelapp til Tromsø SV sin valkamp!

                                                     

Tilbake til førstesida
Neste kapittel – Skolen, dei store kutta

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close