Demokratiet i Tromsø

Det famøse vedtaket i juni 2012 der byrådet fekk fullmakt til å privatisere alt av kommunale tenester utan å gå vegen om kommunestyret, førte til at opposisjonen og store delar av fagbevegelsen gjekk saman i ein allianse som vi har kalla «Vi Bryr Oss». Alliansen har som formål å synleggjere dei negative konsekvensane av privatiseringspolitikken i Tromsø overfor befolkninga.

«Vi Bryr Oss» har arrangert fleire folkemøter, og i mars 2014 var det parlamentarismen i Tromsø som sto på dagsorden. Dette trollet av eit system håper vi sprekk i møtet med veljarane om eitt år.

Utgangspunktet for diskusjonen var ein ny rapport frå Universitetet i Nordland på oppdrag frå Kommunaldepartementet. Rapporten viser den nakne sanninga om Tromsøparlamentarismen:

Var det grunnlag for denne skarpe kritikken fra representantene tilhørende opposisjonspartiene i Tromsø? Sammenlignet med det vi har sett for Oslo, vil svaret bli ja. Hos byrådet i Tromsø finner vi ikke den raushet som karakteriserer byrådet i Oslo. Rådet må sies å være stort, med seks byråder, en mer enn man ble enige om i planen for innføring av parlamentarisme. Hvert byråd har også en politisk rådgiver, slik at det til sammen er 12 politiske stillinger tilknyttet byrådet. Ordføreren tilhører Høyre og har også en politisk rådgiver. Dette gir en formidabel kapasitet sammenlignet med politikerne i opposisjonspartiene i kommunestyret. Med innføring av parlamentarisme i en polarisert politisk kultur risikerer man, som i Tromsø kommune, at posisjonen utnytter sitt flertall til å sikre seg ressurser og kapasitet som gjør det mulig å nærmest eliminere opposisjonen. På sikt gir dette ingen god politikk, fordi det bare blir byrådssidens ideer og standpunkter som får gjennomslag. Med breiere flertall og mer åpenhet i debatten ville vedtakene bli bedre. (side 50)

En sammenligning av byrådenes formelle politiske kapasitet i Bergen og Tromsø kan tjene som en avsluttende illustrasjon. I Bergen er det 14 heltidsstillinger tilknyttet byrådet, i Tromsø 12. Når vi vet at Bergen november 2013 har 270.000 innbyggere, og Tromsø 70.000, så illustrerer dette hvor kraftig majoritetsstyringa er i Tromsø, og ikke minst hvor dyrt det politiske styringssystemet der er blitt. (side 56-7)

Ein ting som Universitetet i Nordland ikkje har gått inn på, er at tromsøvarianten av parlamentarismen tilgodeser byrådssida med alle ressursar, noko som skil oss frå Oslo og Bergen fundamentalt. I Oslo har ordførar/bystyre ein administrasjon på 44 personar, i Bergen tel dei 20. Dei folkevalgde har ressursar til å utvikle politikk, drive eiga saksbehandling og kunne kontrollere måten byrådet følgjer opp vedtak gjort av kommunestyret. I Tromsø har kommunestyret ingen administrasjon og det er det ein total ubalanse mellom byrådet og kommunestyret. Det er byrådet som er sekretariat for kommunestyrets komitear og alt anna enn kommunestyret. Dette er eit fundamentalt brot på den parlamentariske modellen og har fråtatt de folkevalgde alle moglegheiter til å påverke beslutningsprosessen.

Modellen er ein ting – korleis det borgarlege fleirtalet forvaltar makta si er ei anna sak. Kommunestyret har delegert vide fullmakter til byrådet. Høgresida har flytta beslutningsprosessen inn i dei lukka rom. Byrådet handsamer saker utan offentleg debatt fram til vedtak blir fatta i møter uten debatt. Informasjonsulikheita mellom posisjon og opposisjon blir stor. Ei slik delegering kunne ikkje skjedd i ein formannskapsmodell.
Mangelen på demokrati utgjer det største problemet i Tromsø. Det skjer mykje i kommunen, men ikkje i komiteane og kommunestyret. Komiteane har nesten ikkje saker. Det er ikkje eit nybegynnerproblem. Det heiter at vi må vere tålmodige, for sakene må førebuast godt før dei blir sendt vidare. I Tromsø har byrådet fungert i snart tre år og det er meir sakstørke enn nokon sinne i komiteane. Grunner er openbar – det meste kjem ikkje lenger enn til byrådet. Her blir avgjerdene tatt og vedtakene effektuert. Effektivt? Ja. Demokratisk? Nei.

Dei sakene som kjem til kommunestyrets komitear har ei innstilling frå byrådet. Det er slik det også fungerer i Oslo og Bergen. Men det er ein stor forskjell som mange ikkje er klår over. I Oslo og Bergen følgjer den faglege innstillinga frå administrasjonen med saka, slik at politikarane i komitebehandlinga og i kommunestyret kan vurdere om byrådet si innstilling er i tråd med eller i strid med de faglege anbefalingane. I Tromsø instruerer byrådet den faglige ekspertisen og bestiller ei fagleg anbefaling som er i tråd med deira politikk. Komiteane og kommunestyret får berre vite kva byrådet meiner, ikkje kva faglege anbefalingar administrasjonen ville gjeve oss. Det er eit system som minner om regime vi ikkje liker å samanlikne oss med.

At byrådet vil ha det slik, er jo ikkje til å undrast over. Dei har sett seg sjølve i ein drømmeposisjon der dei styrer alt av saksforberedelser og meningar. Det som er verre er at partia dei representerer sluttar opp om denne totalitære haldninga.

Parlamentarismen er både dyr og udemokratisk.

Vi har rett og slett vanskar med å sjå kva vi skal med den parlamentariske styringsmodellen i Tromsø.

Er du og lei av høgresida si styring av Tromsø? Gje ein hundrelapp til Tromsø SV sin valkamp!

                                                     

Tilbake til førstesida