Bustadpolitikken i Tromsø

Dei siste åra har bustadprisane i Tromsø gått gjennom taket. Mange slit med å ha råd til å bu i byen vår. Dette er kanskje den største utfordringa vi har i Tromsø. Ein skulle derfor tru at det sto høgt på prioriteringslista til byrådet å gjere noko med det. Dessverre er ser det ikkje slik ut.

Byrådet har gjort to ting med bustadpolitikken. Dei har overført tomter til det kommunale selskapet, Arnestedet as. og dei har lansert ein nipunkts bustadplan.
Arnestdet er handsama tidlegare i dette notatet. Og det ligg fast at prissettinga av tomtene som vart overførte frå kommunen gjer det umogleg å bygge billige hus på tomtene.
Bustadbyggeplanen til byrådet er ein papirtiger. Hovudinnhaldet er at det skal bli lettare å få bygge hybelhytter i hagen. Det vil ikkje løyse problemet. I tillegg skal det å bygge ned jordbruksjord bli enklare. Ingenting av dette tar tak i det store problemet. Det blir bygd for lite og det blir bygd for dyrt.

Det er ferdigregulert areal for mange tusen bueiningar i Tromsø. Likevel blir det ikkje bygd nok. Ein av grunnane kan vere at tomteeigarar ventar på enno høgare prisar før dei sel.
Det dette betyr er at vi har ein openbar marknadssvikt. Då må kommunen gripe inn, med ekspropriasjon om naudsynt.

SV har foreslått to konkrete prosjekt for å gjere noko med bustadprisane. Det første er at kommunen umiddelbart skal bygge 200 utleigebustader for dei mest sosialt vanskelegstilte i byen vår. Det andre er at kommunen bør låne ein milliard og bygge rimelege bustader for. Desse kan kommunen selge, og deretter reinvestere milliarden til enno fleire nye bustader.

Denne typen kraftfulle grep blir ikkje mogleg dersom ein meiner som Høgre og Frp, at marknaden skal løyse alt.

Denne grafen viser ferdigstilte bustader i Tromsø dei siste åra:

bustader

Tala finn du her http://www.ssb.no/tabell/05889

Er du og lei av høgresida si styring av Tromsø? Gje ein hundrelapp til Tromsø SV sin valkamp!

                                                     

Tilbake til førstesida
Neste kapittel – Demokratiet i Tromsø

Ved å fortsette å bruke denne sida så aksepterer du bruken av informasjonskapslar. Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close