Oppturar og nedturar på kommunestyret i mars

Nok eit kommunestyremøte over. Som alltid var det oppturar og nedturar på møtet. Kanskje var den største oppturen vedtaket om satsing på trygge skolevegar gjennom Tenk Tromsø, men og vedtaket om sjølvmordsikring av Sandnessundbrua var bra. Største nedturen var at Ap trakk seg i oppdrettssaka slik at vedtaket vi gjorde i klima, miljø og energiplanen vart utvatna.

I starten av møtet vedtok vi tre uttaler frå kommunestyret. Ein om bevaring av Veterinærinstituttet i Tromsø, Ein om styrka helikopterberedskap i Troms og om situasjonen for lærarar i skolen som bli utsett for vald.

Kroken vest

Vi er veldig glad for at kommunestyret samrøystes avviste reguleringsplanen for Kroken Vest – Søndre del. Her hadde utbyggar søkt om å få bygge høge blokker i fjæra. Ofte har SV vore nesten åleine om å avvise dennne typen prosjekt som øydelegg bumiljøet for dei som allereie bur i området. Men denne planen var. Så valdsam at heile kommunestyret meinte det same.

Oppdrett

Det vart jo eit massivt oppstyr etter at kommunestyret i haust vedtok krav om at alle nye oppdrettsanlegg i Tromsø skulle vere lukka. Kommunestyret skulle i dette møtet fortolke dette vedtaket. Kva betydde det eigentleg. Der viste det seg at vi ikkje lenger var samde med Ap. Vi meinte i hovudsak to ting. 1. At med lukka anlegg meinte vi anlegg som ikkje hadde utslepp av slam eller kjemikaliar, anlegg som hindra påslag av lus og som er sikrare mot rømming, og 2. At kommunestyret skulle kreve reguleringsplan for alle nye oppdrettsanlegg i Tromsø. Det ville gjeve oss grunnlag for å sette miljøkrav til kvart einskild anlegg og til dømes kreve landsstraum i staden for at dei blir drivne av dieselaggregat. Dessverre var det berre Raudt og MdG som var samde med oss i dette. Det vesle lyspunktet var det det ikkje vart fleirtal for Høgre sitt forslag om å oppheve vedtaket om nei til lukka anlegg.

Atomubåtar til Tønsnes

Forsvaret har bede/kommandert oss til å ta mot reaktordrivne farty i Tønsnes hamn. I møtet fekk vi ei orientering om dette arbeidet. Vi er bekymra for tre ting i samband med dette. Det eine er kva som skjer om det skulle oppstå eit uhell eller lekasje frå ein av desse atomubåtane, det andre er at vi ikkje kan vere heilt sikre på at desse atomubåtane ikkje vil ha atomvåpen om bord. Noko som ville gjere Tromsø til eit naturleg mål i ein mogleg stormaktkonflikt. Det tredje er at vi kanskje ikkje kan utnytte Tønsnes til industri- og næringsutvikling dersom vi skal motta reaktordrivne farty der. Det er lett å tenke seg at for eksempel fiskeindustri ikkje vil etablere seg i ei slik hamn. På bakgrunn av dette fekk vi med oss fleirtalet på å seie at Tromsø kommune ikkje ønsker å legge til rette for mottak av reaktordrivne farty og om staten/forsvaret insisterer så får dei sanneleg betale for seg. Dessverre er loven slik at det ikkje er kommunen som avgjer dette.

Trafikksikre skolevegar

Vi tar no til å sjå kva vi kan få ut av ein byvekstavtale. Kommunestyret vedtok ei satsing på trygge skolevegar i Tromsø. Vi har fått laga ein skikkeleg gjennomgang av skolevegane rundt alle barneskolane i bybussområdet i Tromsø. Den gjennomgangen ligg til grunn for ei prioritering av dei viktigaste tiltaka for å lage trygge skolevegar slik at fleire kan gå og sykle til skolen. I denne saka vedtok vi å forskottere ein byvekstavtale for å komme i gang med dei 20 aller viktigasrte tiltaka. Denne satsinga må sjølvsagt følgjast opp, men vi er avhengige av ein byvekstavtale for å finansiere dette. Vi brukte og saka til å kreve betre brøyting av fortau og gangvegar.

Sjølvmordsikring av Sandnessundbrua

Kommunestyret vedtok at det må settast i verk sjølvmordsikring av Sandnessundbrua i løpet av 2019. Tromsø Ungdomsråd har jobba med denne saka i mange år, og den kom no på dagsorden via eit privat forslag. Vi berømmer ungdomsrådet for deira innsats for saka. Det vart også gjort eit poeng av betydningen av forebygging av sjølvmord, noko som kommunestyret må ta med seg i andre saker.

OK, eg trur dette får vere nok for denne gongen. Still oss gjerne spørsmål om sakene , eller kom med innspel til saker vi må ta opp. Eg bruker og høvet til å minne om at fristen for å komme med forslag till programmet for neste periode er 4. April klokka 2400. Vi vil gjerne ha dine forslag. Programforslaget finn du her.

Dei som representerte SV i dette kommunestyremøtet var Gunhild Johansen, Pål Julius Skogholt, Benjamin Notkevich og Terje Håkstad.

Mvh
Pål Julius Skogholt, gruppeleiar