Atomvåpen og Kongo – rapport frå kommunestyremøtet i februar

Aller først – minner om at Tromsø SV søkjer etter valkampsekretær. Kjenner du nokon som kan passe? Meir informasjon her: http://www.tromsosv.no/2019/02/tromso-sv-soker-valgkampsekretaer/

Onsdagens kommunestyremøte hadde ei lang saksliste, og vi rakk ikkje gjennom alle sakene. Derfor måte vi og utsette den mest omdiskuterte saka – den om berekraftig havbruk. I den saka hadde vi blitt samde med Raudt om MdG om ein del endringar. Det får vi no ta i neste møte.

Kommunestyret viste med all tydelegheit at valkampen er i gang. Det siste året har det eigentleg vore ganske så triveleg i kommunestyret, men denne gongen var piggane ute frå første stund. Ord som kynisk og iskald smalt i veggane. Det blir ofte litt harde frontar når det nærmar seg valet.

Uansett, noko substansielt fekk vi då gjort.

Etter initiativ frå Gunhild fekk vi ein god debatt om forestillinga til Joshua French i kulturhuset. Du kan lese meir om dette her.

SV hadde saman med Ap reist eit forslag om at Tromsø skulle gjere som Los Angeles, Toronto, Trondheim og mange andre byar – nemleg krevje at vårt land skal slutte seg til det internasjonale forbodet mot atomvåpen. Det vart vedtatt mot Frp og Høgre sine stemmar i kommunestyret. Du kan lese meir her.

Plasseringa av krigsminnemonumentet i kyrkjeparken har blitt ein stor debatt. SV var med på dette forslaget som og vart vedtatt i kommunestyret:

Det nedsettes et ad hoc-utvalg bestående av representanter fra de etterlatte, veteraner og historikere for å finne den mest egnede og verdige plasseringen av Krigsminnesmerket i Tromsø. Utvalget skal samarbeide tett med relevante sektormyndigheter og Riksantikvaren. Utvalget leverer sin innstilling til kommunestyret innen juni 2019.

Det skjer mykje på tomta etter skipsverftet. I dette kommunestyret vart den endelege reguleringsplanen vedtatt. Det er vår vurdering at planane kjem til å skape ein god ny bydel i Tromsø sentrum. Det er ein diskusjon om det blir for høgt mot brua og at brua vil bli delvis skjult av nye bygg. Haldninga vår er at området toler ein del høge bygg og at dei viktigaste siktlinjene frå Skansen blir tatt vare på.

Det var ei kort oppsummering kommunestyremøtet. Det er berre å spørje om det er noko du lurer på. Dei om representerte SV i dette kommunestyremøtet var Gunhild Johansen, Benjamin Notkevich, Terje Håkstad og Pål Julius Skogholt.

Med ønske om ei god helg

Pål Julius Skogholt, gruppeleiar

97077457

Pal.julius@skogholt.org