Årsmøtet 2019

Årsmøtet i Tromsø SV blir 24. januar klokka 1800 – 2100 på Quality Hotell Saga, Richard With’s pl. 2. For kart trykk her.

Saksliste til årsmøtet:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste. Val av ordstyrar og møtereferent
  2. Stortingsrepresentant Mona Fagerås innleier til debatt om utdanningspolitikken
  3. Årsmelding frå styret
  4. Årsmelding frå kommunestyregruppa
  5. Rekneskapen for 2018     Revisjonsberetninga
  6. Arbeidsplan for 2019
  7. Budsjett for 2019
  8. Val
    1. Styret
    2. Delegatar til fylkesårsmøtet
    3. Valkomite
  9. Politiske uttalelsar
    1. U1 – Jernbane til Tromsø
    2.  U2 – Flyktningekrisa er ikkje over

Sakspapira blir lagt ut her etterkvart som dei blir ferdige.

Eg håper å sjå deg på eit triveleg årsmøte.

Med venleg helsing

Pål Julius Skogholt, leiar i Tromsø SV

Forklaring til sakene og til nokre viktige begrep:

Årsmøtet er øverste myndigheit i Tromsø SV. Årsmøtet vel styret og andre verv og vedtar politikk i form av uttalelsar. Alle medlemmar i Tromsø SV har møte- og stemmerett

Ein uttalelse er eit uttrykk for kva Tromsø SV meiner. Det kan vere innspel til SV sentralt i ei nasjonal eller global sak, det kan vere retta til kommunestyregruppa eller fylkestingsgruppa eller det kan vere meint å komme i avisa. Alle medlemmar i Tromsø SV kan foreslå uttalelsar frå årsmøtet. Frist for forslag er måndag 21. januar klokka 2000.

Årsmeldinga er fortellinga om kva som har skjedd i året som har gått. Dette punktet på dagsordenen er vanlegvis tida for kritikk og ros til styret og kommunestyregruppa. Det klan vere ein plass for å påpeike ting som du meiner er gjort bra, ting som er gjort dårleg eller ting vi burde gjere meir av. Vanlegvis endrar ikkje årsmøtet på årsmeldingane men tar dei til etteretning, eventuelt med tillegg.

Rekneskapen viser kva vi har brukt pengar på i året som har gått og kva inntekter laget har hatt. Årsmøtet godkjenner rekneskapen med mindre ein trur at rekneskapen ikkje er rett.

Arbeidsplanen er årsmøtets arbeidsordre til styret for året som kjem. Her er det fritt fram å foreslå det du meiner er det viktigaste vi skal jobbe med i året som kjem. Dei siste åra har arbeidsplanen til Tromsø SV vore på eit overordna plan, og har dermed gjeve styret stor fridom til å velje sjølv korleis dei skal arbeide. Det kan ein vere einig eller ueining i.

Budsjettet viser korleis årsmøtet meiner styret skal bruke laget sine pengar i året som kjem. Her er det fritt fram å foreslå endringar, men husk at dersom du meiner vi skal bruke meir pengar på noko så må du og vise til kor dei pengane skal komme frå.

Val. Styret står for den daglege drifta av laget, innkallar til møte og vedtar politikk for laget. Delegatane til fylkesårsmøtet representerer Tromsø SV på årsmøtet i fylkeslaget. Valkomiteen skal foreslå medlemmar av styret og andre utval på årsmøtet i 2018.

Vedtektene til Tromsø SV finn du her

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.