Invitasjon til medlemsmøte

Styret i Tromsø SV inviterer til medlemsmøte onsdag 14. september på SV-kontoret i Søndre Tollbugate 17 klokka 1900. Hovudtema for møtet blir å vedta Tromsø SVs innspel til førsteutkastet til nytt program for SV.

Førsteutkastet til program kan du lese her.

 

Styret inviterer medlemsmøtet til å gje følgjande innspel til arbeidet med SVs stortingsprogram for neste periode:

    1. Generelt:

Tromsø SV takkar for at utkastet kom så tidleg at vi kan delta i ein god diskusjon om programutkastet.

Overordna meiner Tromsø SV at det manglar ei tydleggjering av spenninga mellom sentrum og periferi. Høgre-venstreaksen er ikkje den einaste i norsk politikk. Programmet har lite fokus på distrikt og avstandar. Utfordringar med lange avstandar ol. er så vidt nemnt i helsekapitlet og i samferdselskapitlet. Det er ingen stader fokusert på meir generelle distriktsutfordringar og er du interessert i SVs distriktspolitikk må du leite godt for å finne fram til ting som er relevante og viktige. Spesielt er det lite rettleiing å hente innafor offentlege tenester.

Til å vera eit førsteutkast er dette generelt sett eit godt forslag til arbeidsprogram. Det kan likevel med fordel strammast inn i teksten i neste versjon. I store delar av programmet er teksten for omfattande, og gjev mange skildringar som ikkje direkte kan omsetjast i praktisk politikk. Vi rår derfor til å korte ned på problemskildringane. I all hovudsak er Tromsø SV samd med fleirtalet i arbeidsprogramkomiteen i dei dissensane som ikkje er omtalt under.

Næringspolitikken bør samlast i eit eiga kapittel.

    1. Skatt og fordeling

Tromsø SV mener at en eventuell nasjonal eiedomsskatt ikke må gå på beskostning av dagens kommunale eiedomsskatt.

Vi er samde om at at vi må greie ut endringar i rentefrådragsordninga. Eventuelle endringar må skje langsamt slik at folk får tid til å tilpasse seg. Rentefradraget bør uansett framleis gjelde for lån til ein vanleg bustad.

    1. Arbeid

Tromsø SV vil forslå at vi greier ut å forby bemanningsbyrå og la NAV ta over dette området (linje 201)

    1. Handel

EØS-regelverk er til hinder for gode arbeidslivsreglar i Noreg i dag. Tromsø SV meiner derfor at samarbeidet vårt med Europa primært skal skje gjennom ein handelsavtale. Eventuelle utfyllande avtalar på andre felt, slik som utdanning, forsking, turisme m.v. skal ikkje kunna hindra Noreg i å føre ein aktiv politikk mot sosial dumping eller for fast tilsetting.

Tromsø SV vil derfor:

• Støtte dissens 7 på linje 343

    1. Pensjon

Utviklinga på pensjonsområdet viser at det er dei som står i krevande fysiske yrker, og som har forventa kortast levealder, som òg får minst i pensjon. I tillegg har dagens avtalefesta pensjon (*AFP) ført til at fleire har mista høvet til å gå av med tidleg pensjon sjølv om dei har hatt behov for dette. Pensjon er utsett løn, og må gje alle høve til ein aktiv og verdig alderdom, og ikkje berre gje uttelling til høgtlønte og dei som kan spara til eigen pensjon.

Tromsø SV vil derfor:

• Støtte alternativ 2 om pensjon på linje 372-395

    1. Jernbane og transport

Nord-Noreg er ein vekstregion, men er i mykje større grad enn resten av landet avhengig av at transport av gods og passasjerar skjer på veg, og til dels òg i lufta. Det er på høg tid at Noreg nord for Fauske får eit samanhengande og godt utbygd jernbanenett som både kan bidra til å løysa klimautfordringane med gods- og persontransport, men som òg kan frakte sjømat og andre eksportvarer hurtig, stabilt og miljøvenleg til Europa. Ei utgreiing er ikkje tilstrekkeleg, vi må komme i gang med planlegging og bygging. Formuleringa i forslaget til arbeidsprogram er alt for lite spesifikk; «ei jernbanestrekning i nord» kan vera kva som helst.

Tromsø SV vil derfor:

• Endre punkt på linje 495-497 til: Planleggja og starta bygging av jernbane til Tromsø, greie ut å bygge jernbane til Kirkenes. Ofotbanen må få dobbelspor og Nordlandsbanen må oppgraderast til elektrisk drift.

Kollektivtrfikken utanfor byane er ei utfordring i Noreg. Programmet bør derfor seie noko om korleis vi skal styrke denne. I byane har vi bymiljøavtalar med støtte. Kan vi gjere noko tilsvarande utanfor byane med ein støttepakke der det blir tatt grep for å auke bruken av kollektivtransport.

    1. Energi

Straumen produsert i Noreg bør gå til å utvikle det norske samfunnet og bygge norsk industri. Bygging av utanlandskablar gjer dette vanskelegare.

Tromsø SV støttar derfor dissens 20

    1. Kunnskap

Fråfall i vidaregåande skule (VGS) er eit samfunnsproblem. Vi trur likevel ikkje dette løysast ved å gjera VGS obligatorisk, slik programkomiteen foreslår. Vi meiner at andre tiltak vil vere betre for å hindre fråfall. Blant anna bør vi prøve ut andre evalueringsformer enn eksamen. Vi foreslår òg endring av studiefinansieringa av VGS slik at dei som er må til å bu på hybel for å gjennomføra vidaregåande opplæring får auke i bortebuarstipendet. Eit hovudproblem er mangel på læreplassar og at 2+2 modellen gjer at det tar tid før elevane kjem ut i arbeidslivet.

Tromsø SV vil derfor:

• Støtte dissens 25 på linje 796-797 (s. 27)

• Støtte dissens 26 på linje 806-808 (s. 27)

• Leggja til eit nye punkt etter linje 834 (s. 28):

• «Auke bortebuarstipendet for elevar som er må bu borte frå heimstaden for å gjennomføre vidaregåande skule.» (s. 28)

• Utvikle ordningar der elevane kjem raskare ut i bedrift enn det som skjer i dagens 2+2 ordninga

• Auke tilskottet til lærebedriftar

Grunnskolen er blitt svært teoritung med stort læretrykk. SV må derfor vere tydelege på at det trengst meir plass til praktiske og estetiske fag i skolen.

Dersom staten pålegg etter- og vidareutdanning for lærarane må også staten betale for denne.

Tromsø SV vil understreke viktigheita av auka basisløyving og mindre konkurranse i forskinga.

    1. Feminisme og likestilling

Som det einaste feministiske partiet på Stortinget har SV eit stort ansvar for kvinneperspektivet i utforminga av politikken vår. Tromsø SV er skeptisk til at verkemiddel som skattefrådrag skal vera ein måte å redusera ulikelønn. I staden for å gje skattefrådrag til føretak som reduserer ulikelønn, slik det er formulert i programforslaget, bør ein heller gje likestillings- og diskrimineringsombodet større høve til å påtala forskjellsbehandling, både på lønnsnivå og andre skilnader i arbeidslivet.

Tromsø SV vil derfor:

• Stryke kulepunktet på linje 994-995 (s. 33): «Redusert skatt for likeløn gjennom å utvikle en skattefradragsordning for føretak som reduserer ulikelønn».

Tromsø SV meiner at rituell omskjæring av barn er ein praksis som er i strid med rettane til ungane, og at det difor må krevjast reelt samtykke.

Tromsø SV vil derfor:

Rituell omskjæring av guttebarn er en krevende problemstilling i skjæringsfeltet mellom retten til religionsutøvelse for religioner med utvetydig krav om dette (jødedom og islam) og barns universelle rettigheter. Flertallet i styret støtter dissensen.

• Støtte dissens 35 på linje 1010-1011 (s. 33), med følgjande endring:

«Innføre aldersgrense på 15 år for rituell omskjæring av gutar».

Som den såkalte «Hemsedalssaken» og det påfølgjande engasjementet viser, er ikkje rettsvernet for kvinner som vert utsett for valdtekt på langt nær godt nok i Noreg i dag. Mange av forslaga i arbeidsprogrammet er gode, men vi meiner at òg straffeloven må endrast slik at definisjonen av valdtekt vert endra til seksuell omgang utan oppriktig samtykke, slik òg Amnestys «Nei er nei»-kampanje krev.

Tromsø SV vil derfor:

• Legge til eit nytt kulepunkt etter linje 1031 (s. 34): «Endre straffeloven slik at valdtekt blir definert som seksuell omgang utan oppriktig samtykke»

    1. Demokrati

Kooperative bedrifter av ulikt slag er ein måte å utvide og utvikle demokratiet i Noreg. Både forbrukarsamvirke, produsentsamvirke og arbeidarsamvirke er meir demokratiske måtar å eige og styre bedrifter enn aksjeselskap og liknande.

Tromsø SV vil derfor foreslå eit nytt punkt på linje 1119:

* støtte opp om samvirkebedrifter og vurdere spesielle støttetiltak i ein oppstartfase for slike bedrifter

    1. Innvandring og integrering

Arbeidsinnvandring er eit gode, men det skaper og press på løner og arbeidsvilkår. Tromsø SV meiner det er rimeleg å begrense arbeidsinnvandringa i periodar med arbeidsløyse eller høg asylinnvandring. Tromsø SV vil derfor støtte dissens 47

Burkini, hijab og andre typer klær med tydeleg kulturell eller religiøs symbolverdi skaper debatt i det norske samfunnet. For SV må det avgjerande vere om slike klær og symbol hindrar deltaking og utfolding i det norske samfunnet.

    1. Kulturminner

I dag ser vi at det kan bli dyrt for private om dei finn kulturminne. Det gjer at ting ikkje blir registrert og undersøkt. Tromsø SV vil derfor legge til på linje 1739. «Staten må i større grad bære kostnaden med å ta vare på kulturminne»

    1. Fiske og havbruk

Ressursane i havet er eigedomen til fellesskapet. Turistfisket må regulerast mykje betre enn i dag. Vi støttar difor dissens 57 om turistfiskekort for sjøfiske. Dette er òg i samsvar med foreslegen politikk på Stortinget. Forslaget om ein «heimfallsrett» for oppdrettkonsesjonar i dissens 58 blir òg støtta.

Tromsø SV vil difor:

• Støtte dissens 57 på linje 1908-1912 (s. 59)

• Støtte dissens 58 på linje 1927-1929 (s. 59)

Samisk kultur

Dette området er for svakt i programutkastet. Tromsø SV foreslår følgjande formulering inn i programmet:

Det samiske er en fundamental del av det norske. Vi vil øke satsingen på samisk språkopplæring og kultur inkludert utdanning av lærere og førskolelærere. For å styrke det samiske folk i både en norsk og internasjonal sammenheng vil vi videreutvikle Samisk høgskole til et globalt urfolksuniversitet i samarbeid med andre institusjoner. Vi vil støtte opp om bærekraftig utvikling av tradisjonelle samiske næringer, inkludert sikre retten til å høste av lokale fiskeressurser for folk langs fjordene.

Internasjonal solidaritet

Vi treng ei stor økonomisk utvikling i Afrika for å betre levekåra og redusere flyktningestrauman. Tromsø SV meiner derfor vi skal ta inn følgjande punkt:

* Noreg bør ta initiativ til ein stor europeisk «Marshallplan» for Afrika.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.