Fellesskap for Tromsø

I dag la SV, Raudt og Arbeiderpartiet fram plattformen for samarbeidet mellom partia dei neste fire åra i Tromsø. Kysten hus-erklæringa viser eit tydeleg skifte i tromsøpolitikken. Vi tar no eit farvel med konkurranseutsetting og privatisering, vi vil få eit tydeleg skifte i grønn retning og vi vil få ei satsing på skole og eldreomsorg.

Hovedpunktene i erklæringa:

  • Legge til rette for boligbygging og selv bygge minimum 400 utleieboliger
  • Stoppe privatiseringen av Tromsø kommune
  • Være åpen og tilretteleggende for eksisterende og nye virksomheter
  • Fastsette grenser for Tromsømarka
  • Sette ambisiøse og konkrete klimamål for kommunen
  • Gjennomføre en tillitsreform i helse og omsorgssektoren
  • Ansette minimum 40 nye lærere i Tromsøskolen
  • Innføre to barnehageopptak i året og ikke øke foreldrebetalingen i SFO
  • Samarbeidspartiene skal bygge Tromsøbadet.
  • Bedre tilretteleggingen for gående og syklende, sommer som vinter
  • Bygge E8 og Kvaløyforbindelsen
  • Styrke samarbeidet med våre nabokommuner, region og landsdel
  • Gjenreise Tromsø som solidaritetskommune
  • Vi skal revidere eierskapsmeldingen i Troms Kraft AS for å sikre det offentlige eierskapet og styrke selskapet
Ingrid Marie Kielland
SVs gruppeleiar Ingrid Kielland er strålande nøgd med den erklæringa som samarbeidspartia legg fram. — Det som gjev meg aller størst glede er at vi er samde om å legge fram ein klimaplan med konkrete tiltak for minimum 50% reduksjon av klimagassar innan 2030 og at vi er samde om ein tillitsreform i kommunen.

Tillitsreformen betyr at samarbeidspartia vil legge stor vekt på at det faglege skjønnet skal få ei viktigare rolle. Dette kombinert med at fleire skal få heile faste stillingar vil bety at Tromsø får ein eldreomsorg som er i stand til å lære av dei feila som har blitt gjort og med betre arbeidsmiljø. Det vil gje ein betre eldreomsorg i Tromsø.

Skolane vil få ei etterlengta satsing. Det blir minst 40 nye lærarar og forsøk med skolar der leksane skal gjerast på skolen og ikkje heime. Det vil ikkje bli prisauke i SFO og vi skal «søke å fremskynde den nasjonalt vedtatte bemanningsnormen for barnehager i Tromsø». Samarbeidspartia ønsker heller ikkje å tillate nye kommersielle barnehagar i Tromsø.

Saman med Raudt og Ap lover SV at det skal byggast minst 400 nye kommunale utleigebustader i Tromsø og det er blitt semje om ein høghusplan som ikkje tettar igjen byen mot sjøen.

Saman vil partia ta dei naudsynte grepa for å få ein meir miljøvenleg transport i Tromsø. Partia er samde om at «For å sikre statlig finansiering av veiprosjekter, kollektivtraseer, gang og sykkelveier, samt drift av kollektivtilbud, vil statlige krav om brukerfinansiering og restriktive tiltak bli godtatt.»

Partia er samde om å fastsette grenser for Tromsømarka, starte prosessar for å få kjøpt privateigde delar av tromsømarka og opprette eit markaråd som skal vere med å styre utviklinga av marka. Partia ønsker å utvide tromsømarkaprosjektet til å gjelde dei bynære friluftsområda på Kvaløya og på fastlandet.

Partia er samde om at byen vil bli styrt best gjennom ein formannskapsmodell. Det betyr at den dyre og lukka byrådsmodellen vil bli avskaffa etter ein overgangsperiode fram til 01.07.2016. I overgangsbyrådet vil SV vere representert av Gunhild Johansen.

Dette er berre nokre smakebitar frå erklæringa. Du kan lese heile erklæringa her

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.